Velkommen, Nora Gjøen-Gjøsæter!

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / Bildbyrån

Den erfarne keeperen, Nora Gjøen-Gjøsæter (f. 1992), er klar for Sogndal FK Damer. Ho er speleklar til morgondagens cupfest mot Brann!

Nora er ein keeper med mykje erfaring frå norsk toppfotball. Ho har blant anna spelt over 150 kampar i Toppserien og NM, og vore involvert i alle landslag frå J15 til A-landslaget.

Me gler oss til å sjå Nora i aksjon for Sogndal FK Damer, og håpar me får ein skikkeleg publikumsfest når Brann kjem på besøk!

Info før cupfesten mot Brann!

Det nærmar seg heile 200 påmelde til konkurransen på tribuna! Me håpar på endå fleire, og gler oss til å sjå dykk på kamp! Meir informasjon og påmelding i saka under:

Me vil sjå ditt lag på tribuna når me møter Brann!

Martin Salbu