Sesongkort 2026

Me gler oss stort til stort til sesongstarten, og det er ein spennande og innhaldsrik sesong me har framføre oss! Avdeling 1 inneheld mange gode lag, og me har ambisjonar om å kjempe i toppen. Det kjem til å bli mange tøffe, tette og spennande kampar på Fosshaugadn, og me treng støtta frå publikum!

Sesongkortet for 2026 inkluderer alle heimekampar i serien, og alle eventuelle cupkampar gjennom sesongen. Det betyr minimum 11 seriekampar, og i løpet av året skal me spele både NM 2026 og byrje på NM 2027! Det kan altså bli mange kampar på Fosshaugadn i år, og me gler oss!

Pris:

  • Vaksen - 800,-

  • Student/Vidaregåande skule - 400,-

Sesongkortet gir god verdi for deg som ønskjer å få med deg alle kampane. Ordinære billettprisar er 100,- for vaksne og 50,- for student/Vgs, noko som betyr at sesongkortet er tjent inn allereie etter 8 kampar! Ved å kjøpe sesongkort bidreg du også med viktig økonomisk støtte til klubben, og me set stor pris på alle som er med på laget!

PS! Alle under 16 år kjem inn gratis på våre heimekampar

Framgangsmåte:

  • Fyll ut skjemaet med namn, e-post og telefonnummer

  • Vipps 400,- (vgs/studentar)/800,- (vaksne) til nummer 829195

  • Når betalinga er registrert blir sesongkortet produsert

  • Me sender ut dei digitale sesongkorta på sms og e-post i god tid før seriestart. Dette skal du syne fram på kampane.

Trykk her for å bestille!

Den fyrste heimekampen i årets sesong spelast mot KIL/Hemne, søndag 19. april kl. 12:00! Då håpar me å sjå mange både små og store på tribuna! Saman skal me kjempe for 3 poeng!

Tusen takk for at du er med på laget i 2026!