Balljenter

Sogndal FK Damer inviterer ditt lag til å vere ballhentarar på ein av våre heimekampar. Her får ein bidra med ein viktig jobb, og oppleve ein 2. divisjonskamp på tett hald.

Me søkjer jenter frå 7 år og oppover til å vere ballhentarar. Ein møter 25 minutt før kampstart på Bakkeplassen og får ein gjennomgang av opplegget. Før kampen følgjer ein spelarane ut på bana, og får deretter sjå kampen frå indre bane. Oppgåva undervegs i kampen er å sørge for at det alltid er ballar ved måla og å hente dei som blir skutt vekk. Etter kampen blir det felles lagbilete!

Sjå oversikta over kampane våre her!

Høyrest dette ut som noko for ditt lag? Ta kontakt med Marianne Mellesdal for meir info eller for å melde interesse:

+47 462 97 003 / marianne@sogndalfk-damer.no

Ballhentarar frå Høyang i sigeren mot Røa 2 i 2025