Fotballdag for jenter
Sogndal FK Damer er flaggskipet på damesida i Sogn og Fjordane, og det er viktig for oss å skape fotballdraumar for unge jenter i fylket! Gjennom året reiser me på besøk til klubbar og deltek på kjekke samlingar mellom unge jenter og våre eigne spelarar. Me vil veldig gjerne kome på besøk, så ta kontakt om dette høyrest spennande ut!
Forslag til opplegg (2t):
Fotballtrening m/instruktørar
Matservering
Sosialt saman med spelarane
Fotballdag for jenter blir arrangert av dei enkelte klubbane, og Sogndal FK Damer bidreg med spelarar og trenarar som gjennomfører ei treningsøkt for deltakarane. Fotballøkta varar i rundt 60 minutt og er tilpassa aldersgruppa og antalet deltakarar. Hovudfokuset er fotballglede og kjekk aktivitet med ball. Resten av opplegget tilpassast slik klubbane sjølv ønskjer, og det blir gjerne servert noko enkel mat og gjennomført eit sosialt opplegg med spørsmålsrunde, autografar og bilettaking. Totalramma for opplegget er på ca. 2 timar.
Som arrangør av fotballdag for jenter stiller ein med bane, utstyr til fotballøkt, eventuelt lokale og mat.
Ta kontakt med Marianne Mellesdal for meir info eller om din klubb ønskjer besøk frå Sogndal FK Damer!