Om Sogndal FK Damer

Etablering av Sogndal Fotballklubb Damer er resultat av eit samarbeidsprosjekt mellom Kaupanger IL (KIL) og Sogndal IL Fotball (SF), som har til føremål å skape ei berekraftig satsing for dame- og jentefotballen i regionen. 

Prosjektet vart initiert av KIL tidleg i 2020, og ei arbeidsgruppe beståande av styremedlemmer frå begge klubbar, samt representant frå NFF Sogn og Fjordane, har sidan då jobba med dette. 

Styra i både KIL og SF er einige om at skiping av nytt idrettslag er føremålstenleg for å møte ein kvardag med auka konkurranse nasjonalt og for å styrke dame- og jentesatsinga i regionen.  

Sogndal FK Damer vart formelt etablert på skipingsmøte 8.september 2021, og klubben overtok fra 01.01.2022 plassen til KIL i 2.divisjon damer.