Skuffande poengtap mot Malvik
Det vart ein skikkeleg rotekamp med mange mål i dagens kamp mot Malvik. Etter å ha leda 4-1 i det 23 minutt, måtte jentene jage utlikning når det stod 4-5 i det 89 minutt. Heldigvis banka Eli Sofie Skjølberg inn scoringa som redda eit poeng på overtid.
Kampen byrja på verst tenkelege vis når Malvik kom åleine igjennom og tok leiinga allereie før det var spelt 1 minutt av kampen. På same måte som i førre kamp kom det altså ein skikkeleg kalddusj omtrent før kampen var i gang. Jentene slo tilbake, og utover fyrsteomgang var det spel mot eit mål.
Fyrst utlikna Andrea Sælid Njøs til 1-1 i det 12 minutt då ho runda keeper på flott vis. Deretter satte same spelar inn 2-1 etter 14 minutt på eit skot frå utanfor 16-meteren. Kampen var snudd på berre 2 minutt, og jentene sprudla! Etter 22 minutt spelt var det Luna Flo som var farleg frampå. Andrea Sælid Njøs kom seg fri til høgre og fann Flo framføre mål. På fyrste berøring banka ho inn sitt fyrste mål for Sogndal FK Damer til 3-1! Og når den fyrste var i boks, kunne ho like gjerne score eitt til! Berre eit minutt etterpå stod det 4-1 på tavla etter at Flo fekk pirka ballen forbi keeper. Full kontroll på kampen, og det såg ut til å bli ein flott dag på Fosshaugadn!
Så gjekk det diverre gale, og Malvik kom tilbake med både 4-2 og 4-3 før laga gjekk til pause. Etter kvilen var jentene igjen frampå, men ballen smalt i metallet ved fleire høve. At sjansane ikkje vart utnytta skulle straffe seg då Malvik fyrst utlikna i det 80. minutt og tok leiinga til 4-5 i det 89. minutt. Jentene måtte jage scoring, og på overtid fekk Eli Sofie Sjølberg banka inn 5-5, og redda eit poeng. Det enda med eit skuffande poengtap.
Hovudtrenar Magne Elde var på same måte som jentene skuffa etter kampen:
Det er lov å vere litt skuffa i dag, men det gjeld å nullstille raskt. Allereie på tysdag inviterer me til cupfest mot Brann, og så går turen til Ålesund på laurdag! Me skal slå tilbake!