Malvik kjem på besøk til Fosshaugadn!
Me gler oss til ein ny heimekamp i serien, og allereie i morgon får me besøk av Malvik! Det er ein ny viktig kamp om poenga som ventar oss, og jentene er klare!
Malvik held til i Malvik kommune, aust for Trondheim, og tek altså turen sørover til Sogndal denne helga. Raudtrøyene sikra opprykket til 2. divisjon i fjor, og er nye på dette nivået. I byrjinga av sesongen har dei vist at dei kan lage problem for dei fleste, og på 4 kampar har dei tatt like mange poeng. Dei har blant anna tatt eit sterkt poeng mot KIL/Hemne, og ein meget imponerande siger borte mot Sandefjord. Opprykksfavoritt Sarpsborg 08 vart for sterke, medan det også vart tap mot KFUM i førre runde.
Det er uhyre tett på tabellen etter 4 rundar i 2. divisjon avdeling 1. Sarpsborg 08 er førebels feilfrie med 12 poeng, medan det er heile 5 lag på 7 poeng. Kvart einaste poeng kan få mykje å seie i ein så tett avdeling, og me treng all den støtte me kan få i samtlege kampar! Kom på kamp for å hjelpe oss i kampen om nye poeng i morgon!
Tabellen i 2. divisjon avdeling 1 etter 4 rundar
Mari Hov Heggestad og Luna Flo er begge klare for kamp i morgon! Mari har etablert seg som ei viktig brikke på midtbana, medan Luna er fersk i troppen og har bidrege med fleire gode innhopp. No vil dei sjå deg på tribuna i morgon!
Me har diverre nokre forfall til kampen i morgon, men det er heldigvis god konkurranse i troppen! Gjennom heile oppkøyringa og starten av sesongen har jentene vist at det er mange som kjempar om ein startplass, og det håpar me å sjå i morgon også! Ekstra kjekt er det at Nathalie Høgi endeleg er tilbake i kamptroppen, og klar for å lage livet vanskeleg for motstandarforsvaret igjen!
Det blir kjekt å sjå dykk på Fosshaugadn igjen, og me håpar mange tek turen på kamp! Billettar til kampen får ein kjøpt i døra. Det kostar 100kr for vaksen, 50kr for student/VGS og alle under 16 år kjem inn gratis! Det er også mogleg å kjøpe sesongkort, og sikre seg billett for heile sesongen! Velkommen på kamp!
For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube!