Me vil sjå ditt lag på kamp når me møter Brann!
Me håpar på masse jubel mot Brann tysdag 12. mai!
Tysdag 12. mai møter me Brann i 2. runde av NM! Då vil me skape ein skikkeleg publikumsfest, og lage best moglege rammer rundt kampen! I samband med dette inviterer me alle lag i barne- og ungdomsfotballen til å delta i ein konkurranse! Me vil sjå ditt lag på tribuna!
Ta med deg fotballaget eller klassen din på kamp og bli med i trekninga av 5000,- til lag- eller klassekassa! Me vil sjå mange supportarar på kamp som lagar god stemning og heiar jentene fram til siger! Heile gruppa + vaksne som følgjer gruppa kjem gratis inn på kampen! Gruppa må vere minimum 10 personar og melde seg på via påmeldingsskjemaet for å vere med i konkurransen. Kvar gruppe må ha ein vaksen kontaktperson. Alle grupper må registrere seg på stadion før kampen. Konkurransen gjeld for alle i barne- og ungdomsfotballen (t.o.m J/G15-17). Det vil bli trekt ut eit tilfeldig lag/klasse av dei som var på kampen!
Me deler også ut premie til mest kreative heiagjeng! Kom på kamp med kult supporterutstyr, ansiktsmaling, plakatar osv. og lag god stemning! Ein lokal jury vil avgjere kven som har vore dei mest kreative og som stikk av med premien. Vinnaren av konkurransen får pizza og gratisbillettar til ViteMeir på Kaupanger for alle deltakarar som kjem på kampen!
Me gler oss til å sjå dykk på Fosshaugadn, og håpar de blir med å skape ein skikkeleg cupfest!
Hugs også heimekampen vår mot Malvik på laurdag 9. mai kl. 12:45: