Ein skikkeleg krigekamp enda med eit poeng mot Tiller!
Me fekk ein verst tenkeleg start på kampen, og kom dårleg ut av startblokkene. Dei fyrste minuttane av kampen var fullstendig kaos og etter 3 minutt stod det 2-1 til heimelaget. Utover kampen og spesielt i andreomgang kjempa jentene som heltar og klarte å komme tilbake til 3-3!
Jentene fekk altså ein skikkeleg kalddusj heilt i byrjinga av kampen då heimelaget tok leiinga etter berre 2 minutt spelt. Direkte frå avspark lempa jentene ballen framover i bana, og frå venstresida av feltet fekk Vilde Tufte Mardal avslutta. Ballen gjekk i ein fin boge over keeper og i mål. Direkte frå avspark igjen kom det ei ny scoring frå heimelaget, og det stod altså 2-1 etter berre 3 minutt spelt.
Utover omgangen roa det seg litt ned framføre mål, men det var framleis høg intensitet i kampen. Heimelaget kom til fleire store sjansar, men vart lenge stoppa av keeper Konstanse Henden og metallet. Etter 36 minutt kom allikevel scoringa, og det stod 3-1 på tavla. Nok ein gong svara jentene umiddelbart, og frå 16 meter svinga Julie Slattum Pettersen inn 3-2. Det var også stillinga til pause.
Diverre fekk Julie Slattum Pettersen seg ein kraftig smell mot hovudet like før pause, og rett etter kvilen fekk ho ein ny trøkk mot hovudet. Etter eit langt stopp i spelet måtte kapteinen vår ut, og vart køyrd til legevakten. Det har heldigvis gått fint, og Julie er etter forholda ok. Inn frå benken kom det nye friske bein som var klare for å gå i krigen.
Julie Slattum Pettersen måtte ut og vart sendt til legevakta, men er etter forholda ok. Foto: Martin Salbu
I andreomgang var det ein gjeng med heroiske jenter som verkeleg kjempa med alt dei hadde. Gjennom heile omgangen sprang dei sokkane av seg og gav alt for å kome tilbake i kampen. Etter 61 minutt spelt vann ein ballen i midtbaneleddet og spelte igjennom mot Andrea Sælid Njøs. Ho drog seg elegant forbi keeper, satte ballen i mål og sprang tilbake mot midten for å jage ny scoring. Resten av omgangen vart ein intensiv kamp der begge lag gjekk for siger, og mot slutten kom blant anna Andrea Sælid Njøs til ny ein stor sjanse. Keeperen til Tiller kom sigrande ut av duellen, og det enda med 3-3.
Totaltsett er me godt nøgde med eit sterkt poeng etter kampen, sjølv om ein absolutt hadde sjansar til å ta med oss 3 poeng. Det var ingen tvil om at jentene kjempa til siste slutt, og at dei la ned alt dei kunne for å gå for alle poenga! Hovudtrenar Magne Elde oppsummerer kampen slik:
Me hadde også mange flotte supportarar som tok turen for å støtte oss i dag! Det set me stor pris på! No går turen heim til Sogndal, og me rettar blikket mot neste kamp. På laurdag møter me Malvik på Fosshaugadn, før Brann kjem på besøk tysdag 12. mai til 2. runde i NM!