Bortekamp i Trøndelag!

Me har tatt turen til Trondheim for å møte Tiller i det som blir ein tøff bortekamp. Jentene har førebudd seg godt, og er klare for å kjempe om viktige poeng!

Tiller held til i Trondheim og spelar heimekampane sine på TOBB Arena, sør for Trondheim sentrum. Tiller har vore eit stabilt lag i 2. divisjon gjennom mange sesongar, og med unntak av fjoråret har dei kjempa heilt i toppen av avdelinga si dei siste åra. 2025 enda med ein 6. plass i ei sterk avdeling, og det er ingen tvil om at me møter ein tøff motstandar på laurdag.

Tiller serieopna med 5-0-siger mot Rosenborg 2, og fekk ein god start på sesongen. I runde 2 tapte dei 2-1 i ein jamn kamp heime mot opprykksfavoritt Sarpsborg 08, medan det vart poengdeling og 2-2 mot Brann 2 i Bergen i førre runde. Me kjem frå siger mot KFUM og ønskjer sjølvsagt å ta med oss 3 poeng frå Trondheim.

Me tok ein prat med vår rutinerte keepertrenar Vidmar Hjellhaug etter treninga på veg til Trondheim i dag. Han har god kontroll på keepergruppa, og gler seg til morgondagens kamp:

Natalie Neraas Teigen var ein del av forsvaret som holdt nullen i førre siger. Ho er klar for ein ny bortekamp i det som blir ein tøff test mot Tiller:

Jentene er på plass i Trondheim no i kveld og skal lade opp til kampen i morgon! For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med!

Martin Salbu