Årets fyrste siger på Fosshaugadn!
Jentene var revansjelystne, og leverte på fyrste forsøk! Det enda med ein flott 3-0-siger i dagens kamp mot KFUM!
Allereie frå fyrste stund var det tydleg at jentene ønskte å ta føringa i kampen, og dei gjekk ut med høg intensitet i spelet. Dei fyrste minutta vart det litt høge skuldre, men utover omgangen satte spelet seg meir og meir. Andrea Sælid Njøs herja ute til høgre, og etter 21 minutt kom den fyrste scoringa. Eit innlegg frå høgre vart klarert ut, og frå 16 meter satte Mari Hov Heggestad kontrollert inn sitt fyrste mål for sesongen!
Mari Hov Heggestad sendte oss i føringa mot KFUM! Foto: Martin Salbu
Etter scoringa fortsatte jentene å presse på, og kaptein Julie Slattum Pettersen var farleg frampå ved fleire høve. Fyrst etter 34 minutt skulle endeleg årets fyrste seriemål kome for vår nr. 10! Marte Senneset Aaberge sendte Pettersen åleine igjennom, og i duell med keeper var ho iskald. Det stod 2-0 til pause etter ein gin omgang.
Etter pause tok det litt tid før jentene kom skikkeleg i gang, og dei fyrste minutta vart rotete. Heldigvis klarte dei å løfte seg, og utover omgangen jakta ein fleire scoringar. Då er det fint å få kapteinen sin i gang, for etter 59 minutt var ho på rett plass igjen! Eli Sofie Skjølberg slo ein flott gjennombrotspasning inn bak forsvaret. Som i fyrsteomgang var Julie Slattum Pettersen roleg og plasserte inn 3-0, og dagens siste scoring!
Hovudtrenar Magne Elde var nøgd med at jentene leverte ein god prestasjon i dagens kamp:
Julie Slattum Pettersen opna målkontoen for sesongen, og fekk endeleg den fyrste teljande scoringa. Då scora ho like greitt to gonger, og me kan konstantere at kapteinen vår er i gang:
Tusen takk til alle som tok turen på kamp i dag! Det er alltid kjekt å sjå dykk på Fosshaugadn, og me gler oss allereie til neste heimekamp! Fyrst går turen til Trondheim og møtet med Tiller neste helg, og så kjem Malvik på besøk til Fosshaugadn laurdag 9. mai!
Flinke balljenter frå Vik IL saman med Saftkokaradn etter kampen! Foto: Martin Salbu