Me er klare for ny heimekamp!

Jentene har jobba godt sidan førre kamp, og er klare for å slå tilbake med ein god prestasjon! I morgon møter me KFUM på Fosshaugadn!

KFUM er eit lag me har møtt 4 gonger tidlegare, og spesielt i fjor vart det gode opplevingar. På bortebane vart det ein flott 3-0-siger, og heime på Fosshaugadn vann jentene 4-1 mot Oslolaget. Dei siste sesongane har KFUM vore eit lag i toppen av 2. divisjon, medan det vart ein litt tyngre sesong og 8. plass i fjor. Årets sesong har byrja med 1-8-tap for opprykksfavoritt Sarpsborg 08 og 0-4-tap for Brann 2. Samtidig har resultata så lang i divisjonen vist at det er ei jamn avdeling der alle kampar blir tøffe!

Kampsponsor i morgon er Sognenett, din lokale leverandør av lynrask fiber og din trufaste bedriftspartnar på IT- og kommunikasjonsløysingar. Sognenett er ein stolt samarbeidspartnar til Sogndal FK Damer og heiar på raoe fotballjenter i regionen! Det blir flotte premiar i kamplotteriet, og mykje godt i kiosken der Sognenett spanderer 100 gratis kakestykker til barn under 12 år! Kom på kamp!

Hovudtrenar Magne Elde fortel om inngangen til kampen og har tru på at jentene er klare for å slå tilbake mot KFUM:

Marte Senneset Aaberge scora vårt fyrste seriemål på Fosshaugadn i førre kamp, og i morgon er ho klar for ny innsats. Ho gler seg til kamp og fortel om revansjelyst i gruppa:

Me gler oss til å sjå dykk på Fosshaugadn igjen, og håpar like mange tek turen også i morgon! Billettar til kampen får ein kjøpt i døra. Det kostar 100kr for vaksen, 50kr for student/VGS og alle under 16 år kjem inn gratis! Det er også mogleg å kjøpe sesongkort, og sikre seg billett for heile sesongen! Me har mykje godt å by på i kiosken, og det blir loddsal med flotte premiar! Velkommen!

For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med!

Martin Salbu