Tap mot KIL/Hemne

Det enda med årets fyrste tap i dagens kamp mot KIL/Hemne. Marte Senneset Aaberge sendte oss i føringa i fyrsteomgang, men bortelaget kom tilbake før pause. I andreomgang vart bortelaget for sterke og avgjorde til 1-2.

Det vart ein litt rotete start på kampen, og bortelaget hadde mest ball i byrjinga. Etterkvart fekk jentene meir kontroll og byrja å trøkke på framover. I andre del av omgangen kom dei til fleire gode sjansar, og det small blant anna i tverrliggaren etter eit skot frå Eli Sofie Skjølberg. Etter 25 minutt spelt fekk me corner frå høgre der Marte Senneset Aaberge slo inn. Ballen vart klarert ut, og Vilde Tufte Mardal la inn på nytt. På bakre stolpe venta Aaberge som drog seg fri og fekk skutt mellom beina på keeper! 1-0 etter ein god periode!

Like før pause kom utlikninga frå KIL/Hemne og me gjekk til pause på stillinga 1-1. Etter kvilen var det KIL/Hemne som kom best i gang, og jentene fekk aldri heilt kontroll på kampen. Etter 65 minutt tok bortelaget leiinga etter eit vedvarande trykk mot målet vårt. Utover omgangen klarte me aldri å heve oss, og det enda difor 1-2 i årets fyrste seriekamp på Fosshaugadn. Tusen takk til alle som kom på kamp for å støtte oss!

Heldigvis kjem det nye moglegheiter allereie neste helg. Då kjem KFUM på besøk til Fosshaugadn, og me skal slå tilbake!

Martin Salbu