KIL/Hemne er motstandar i årets fyrste heimekamp!
Serieopninga mot Brann 2 vart ei god oppleving, og jentene fekk med seg 3 viktige poeng frå ein skikkeleg krigekamp i Bergen! Det var mykje spenning knytt til den fyrste kampen, men no er me i gang, og jentene gler seg til årets fyrste heimekamp!
KIL/Hemne spelte i 1. divisjon i fjor, og blir ein tøff motstandar på Fosshaugadn. Laget held til på Kyrksæterøra i Trøndelag, og har vore eit stabilt lag i 1. divisjon over mange år. I fjor enda dei på nedrykkskvalikk, og tapte mot Bryne over to kampar. Me forventar å møte eit vaksent og fysisk sterkt lag, som vil gi oss ein tøff kamp på Fosshaugadn.
Fagforbundet Sogndal er kampsponsor i morgon! Fagforbundet er ei fagforeining som er med på laget for jentene, for fotballen og for likestilling. Fagforbundet jobbar kvar dag for fellesskap, rettferd og trygge arbeidsvilkår, verdiar som er avgjerande for å byggje eit sterkt lag - også på fotballbana. Me er veldig glade for å ha ein so engasjert gjeng i og på ryggen, og gler oss til å skape eit flott kamparrangement saman med dei!
Mia Sævig Eriksen og Eli Sofie Skjølberg er begge klare for morgondagens kamp. Dei fortel litt om serieopninga mot Brann og om kva som ventar oss i morgon. Jentene vil sjå deg på kamp!
Hovudtrenar Magne Elde fortel om ei god treningsveke inn mot kampen, og at sigeren mot Brann 2 gav mykje energi inn i veka. No er me klare for årets fyrste seriekamp på Fosshaugadn, og me håpar det kjem mange folk for å støtte oss! Kom på kamp!
Billettar til kampen får ein kjøpt i døra. Det kostar 100kr for vaksen, 50kr for student/VGS og alle under 16 år kjem inn gratis! Det er også mogleg å kjøpe sesongkort, og sikre seg billett for heile sesongen! Me har mykje godt å by på i kiosken, og det blir loddsal med flotte premiar! Velkommen!
For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med!