Herleg slitesiger og 3 poeng mot Brann 2!

Vilde Tufte Mardal scora mot Brann 2! Foto: Martin Salbu

Det vart ei intens og nervepirrande serieopning mot Brann 2 i dag. Heimelaget kom best i gang i kraftig vind på Nymark, men jentene kjempa seg tilbake i kampen og avgjorde mot slutten.

Det vart tidleg klart at vinden kom til å prege kampen, og før pause vart det ein utfordrande kamp. Brann 2 vann myntkastet og fekk velje å spele i medvind i fyrsteomgang. Det var lenge ein jamnspelt kamp der begge lag hadde mykje ball, men dei store sjansane uteblei. Heimelaget var nærast tidleg i kampen, og etter 19 minutt fekk dei pirka inn leiarmålet. Det stod 1-0 til pause.

Etter sidebytet vart føresetnadane endra, og jentene skulle jage scoring. Allereie etter eit par minutt kom den fyrste scoringa. Midtstoppar Anna Palm la inn i feltet frå sin posisjon ute til høgre. Inne i feltet fekk kaptein Julie Slattum Pettersen stussa ballen vidare til Vilde Tufte Mardal på bakerste. Sistnemnde gjorde ingen feil og banka ballen i mål til 1-1! Pangstart på andreomgang!

Heimelaget var ikkje ferdige med å gjere kampen til ei utfordring, og ved fleire høve vart det skummelt med Brann sine raske kantspelarar.. Etter 55 minutt tok Brann 2 leiinga på nytt når dei auka til 2-1.

Med 15 minutt igjen av kampen var det jentene som pressa på, og sjansane vart større og større. Etter 77 minutt stod Andrea Sælid Njøs på rett plass til rett tid. Julie Slattum Pettersen pressa fram ein feil frå keeper, og Njøs kunne sette ballen i det opne målet til 2-2! Same spelar skulle også bli matchvinnar berre 5 minutt før fulltid. Ute på høgrekanten var det innbyttar Stine Marie Isaksen som vann ballen og svinga den inn i boksen. På bakerste stolpe venta Njøs, fekk kontroll på ballen, og tuppa den fordi keeper til 2-3. For fyrste gong i kampen var ein i leiinga, og det gjenstod 5 minutt + tillegg. Det vart nokre lange og nervepirrande minutt for dei på sidelinja, men jentene drog sigeren i land!

Det var ein letta og glad hovudtrenar Magne Elde som fekk sjå laget sitt kjempe inn 3 poeng:

No går turen heim igjen til Sogndal med 3 poeng i bagasjen, og på tysdag byrjar førebuingane inn mot neste kamp. På søndag er det klart for årets fyrste seriekamp heime på Fosshaugadn! Me tek i mot KIL/Hemne til kamp, og håpar å sjå dykk på tribuna! Me vil også rette ein stor takk til alle supportarane som tok turen for å heie på oss i dag!

Martin Salbu