Klare for seriestart i Bergen!

Endeleg er ventetida over, og ei lang oppkøyring er avslutta. I morgon skal det kjempast om poeng for fyrste gong i 2026, og me besøker Brann 2 i Bergen!

Jentene reiste til Bergen allereie i dag, laurdag, og i ettermiddag gjennomførte dei ei lett treningsøkt. I kveld skal ein lade opp på hotellet, og gjere dei siste førebuingane inn mot det som ventar i morgon. Hovudtrenar Magne Elde gler seg til seriestart, og fortel at me skal vere i rute før møtet med Brann 2:

Oppkøyringa har vore fin, og etter 6 treningskampar og ein cupkamp står me med 7 sigrar. Det gir god sjølvtillit i gruppa, men betyr samtidig lite for poengfangsten. Det blir ein mental test i det som blir den fyrste offisielle seriekampen, men jentene skal vere klare.

Brann 2 rykka opp til 2. divisjon i fjor, og er ny i avdelinga. Me forventar allikevel ein tøff test mot eit lag som har hevda seg godt i løpet av vinteren. Det er alltid knytt litt usikkerheit til fyrste serierunde, men det er ingen tvil om at jentene må vere påskrudde for å ta med seg poeng heim frå Bergen.

Kent Fimreite i Hallo Sogn er med på tur, og er klar med kommentering frå kampen i morgon. Ein kan følgje kampen via YouTube, og me vil også oppdatere i våre kanalar.

Høyr kommentering frå kampen her!

Me gler oss til å kjempe om poeng!

Martin Salbu