Bli med i scoringsklubben!
Scoringsklubben er ein flott måte å støtte klubben gjennom 2026! Tipp tal skåra mål i serien i løpet av sesongen, og bli med i trekninga av flotte premiar!
Å vere med i scoringsklubben kostar 50 kroner i påmelding, og ein støttar samtidig med 5 kroner for kvar scoring i seriespelet. Påmeldinga blir betalt på Vipps ved innmelding, og etter sesongen vil ein motta eit vippskrav med det resterande beløpet. Alle som er med i scoringsklubben er med i trekninga av mange flotte premiar. Signerte drakter, sesongkort og gåvekort er blandt dei mange flotte premiane ein kan sikre seg!
PS. Alle som blir med i scoringsklubben innan fyrste heimekamp, søndag 19. april, er med i trekninga av årets fyrste premie: Ei heilt ny heimedrakt av årets modell!
Slik gjer du!
For å delta må ein fyrst fylle ut påmeldingsskjema. Her må ein oppgi namn, telefonnummer og e-postadresse, samt tippe antall mål og tabellplassering. Ein vil motta kvittering for innsendt skjema på e-post. Etter at skjema er utfylt vippsar ein 50 kroner til 734888 (Sogndal FK Damer) – Scoringsklubb. Merk betalinga med det same namnet som står i påmeldingsskjema. Etter sesongen vil ein motta vippskrav med eit beløp tilsvarande 5 kr for kvar scoring jentene scorar i løpet av sesongen.
Døme frå 2025: 5kr pr scoring x 47 scoringar = 235kr i støtte til Sogndal FK Damer!
PS. Om du ønskjer å støtte med meir enn 5 kroner kan ein fylle inn skjemaet fleire gonger. Det vil også gi større vinnarsjanse når premiane skal trekkjast!