Publikumsrekord og cupfest - Brann vart for sterke på bana!
Jentene fekk juble for scoring mot Brann!
Me inviterte til cupfest, og Fosshaugadn leverte verkeleg varene! Det enda med publikumsrekord og fantastiske rammer! Jentene kjempa tappert, men Brann vart for sterke på bana.
Allereie før det var spelt to minutt kom den fyrste scoringa for bortelaget, og kampen byrja på verst tenkelege måte. Jentene fekk samla seg, og etter det fyrste sjokket klarte ein å spele seg litt meir inn i kampen. Det var Brann som dominerte i banespelet, men i periodar klarte ein å halde litt på ballen og kome til kontringar. Julie Slattum Pettersen fekk blant anna ei stor sjanse til å utlikne i fyrsteomgang, men det vart berre nesten. Rundt halvtimen spelt kom det to raske scoringar til, og det stod 0-3.
Kampens høgdepunkt for oss kom berre nokre minutt etter. Jentene fekk spelt seg framover i bana og inn i Brann sin boks. Det enda med straffespark, og kaptein Julie Slattum Pettersen gjekk bestemt fram til 11-meteren. Roleg og kontrollert banka ho inn reduseringa, og jubelen på Fosshaugadn stod i taket! Brann har altså berre sluppe inn 3 mål i 2026, og eit av dei kom frå nettopp vår kaptein!
Julie Slattum Pettersen scora mot Brann! Foto: Martin Salbu
I andreomgang blei det også ein forsvarskamp, og Brann la på til 1-5 utover i omgangen. Jentene kjempa som heltar, og gjorde alt dei kunne frå start til slutt. Sjølv om det enda med tap sit ein igjen med ein sterk prestasjon, og jentene kan vere stolte over jobben dei la ned!
Kaptein Julie Slattum Pettersen:
Hovudtrenar Magne Elde:
Me er også stolte og glade over alt som skjedde utanfor bana i dag! 943 tilskodarar er det offisielle tilskodartalet frå dagens kamp, noko som betyr publikumsrekord for Sogndal FK Damer! Tusen takk til alle frivillige som stilte opp på dugnad! Tusen takk til alle partnarar som bidrog til festen! Tusen takk til vårt fantastiske publikum for at de skapte ei fantastisk ramme! Me kjem tilbake med meir frå denne nydelege kvelden på Fosshaugadn!