Herleg siger på Color Line!
Jentene leverte ein flott prestasjon i dagens kamp mot Aalesund 2, og sikra 3 viktige poeng på Color Line! Kaptein Julie Slattum Pettersen var i fyr og flammer, og scora hattrick!
Etter nokre tette kampar var det ein redusert tropp som reiste til Ålesund. Fleire skadar og spelarar med sjukdom gjorde at det vart mange endringar på laget, men jentene viste at det er fleire som verkeleg kan levere! Jentene byrja kampen bra, og gjekk ut med mykje energi. Det skulle gi resultat.
Julie Slattum Pettersen var verkeleg påskrudd og ein konstant trussel i bakrommet. Etter rundt 13 minutt kom ho igjennom, runda keeper og fekk avslutta. AaFK-forsvararen stoppa ballen med handa, noko som gav raudt kort og straffe! Kapteinen vår gjekk fram og satte kontrollert inn 0-1.
Benedicte Lund Berge var tilbake mellom stengene etter nokre veker ute med sjukdom, og ho skulle markere seg positivt utover omgangen. Heimelaget fekk straffe, men det var Benedicte som kom sigrande ut av duellen! Ei viktig redning i ein god periode for AaFK! Etter rundt 40 minutt måtte ein allikevel gi tapt, og heimelaget utlikna til 1-1. Heldigvis var Julie Slattum Pettersen frampå igjen like før pause og løfta elegant inn 1-2 like før pause!
Julie Slattum Pettersen scora hattrick mot AaFK! Foto: Martin Salbu
I andreomgang var kapteinen vår farleg igjen. Vårin Ness spelte ho igjennom, og på innsida av 16-meteren vart ho lagt i bakken. Igjen var ho sikker frå straffemerket, og hattricket var komplett! Det stod 1-3 etter 50 minutt! Berre 6 minutt etter var det Nathalie Høgi som banka ballen i mål. Vårin Ness la ballen inn i bakrommet, og Høgi gjorde ingen feil til 1-4! På overtid fastsette Eli Sofie Skjøberg resultatet til 1-5 då ho stanga inn ein corner!
Eli Sofie Seim Skjølberg stanga inn 1-5 på overtid! Foto: Martin Salbu
Kaptein Julie Slattum Pettersen var nøgd med kampen og prestasjonen til heile laget i dag:
Hovudtrenar Magne Elde var glad for 3 viktige poeng etter kampen:
No ventar 17. mai-feiring i morgon, og så er det kampfri neste helg. Me skal lade opp til neste heimekamp mot Amazon Grimstad søndag 31. mai! Tusen takk til alle som tok turen for å støtte oss på Color Line i dag!