Anna Palm er utteken til årets UEFA B-utdanning!
Vår eigen spelarutviklar og spelar, Anna Palm, er teken ut til UEFA B-utdanninga for trenarar! Dette er trinn 2 av 4 i trenarutdanningstigen til Norges Fotballforbund!
Anna kom til oss frå Lyn før årets sesong, og har styrka oss på fleire område. Med mykje erfaring frå toppnivå er ho ein god ressurs som spelar, medan ho også er ein del av trenarteamet som spelarutviklar. Gjennom rolla har ho eit spesielt ansvar i utviklinga av våre yngste spelarar, og følgjer dei tett i både skule- og treningskvardagen. Rolla gjer det også mogleg å byrje på trenarutdanninga, og no er ho teken ut til UEFA B-utdanninga i regi av NFF.
UEFA B-utdanninga er altså ein del av NFF sin trenarutdanningsstige. Denne består av dei fire nivåa UEFA C, B, A og Pro. På dei øvste nivåa i norsk fotball er det krav om gjennomført utdanning, og ein må fullføre kvart av nivåa i utdanningsstigen for å kunne kvalifisere seg for det neste nivået. Kven som kjem med på utdanninga blir avgjort ved opptak i byrjinga av kvar sesong. I år har det vore stor interesse for utdanninga, og NFF opplyser om god konkurranse og over 460 søkjarar. Av desse er det berre 211 trenarar som får gjennomføre årets kurs.
Me er glade for at Anna er teken ut, og ser på dette som eit viktig ledd i utviklinga av klubben. Gjennom kompetanseheving i trenarteamet styrkar ein laget rundt laget, og kan legge endå betre til rette for utvikling. I møte med andre trenarar og kurshaldarar får ein nyttige referansar og kunnskap, som igjen kan nyttast i eigen klubb.
Me gratulerer Anna med uttaket og ønskjer masse lykke til!