Endeleg ny heimekamp - Amazon Grimstad kjem på besøk til Fosshaugadn!
Sist me spelte heimekamp var i cupfesten mot Brann, og no er det endeleg klart for heimekamp igjen! Jentene har fått lada opp og førebudd seg godt. Me gler oss til å kjempe om viktige poeng på Fosshaugadn!
Amazon har hatt ein tøff sesongstart, og på dei fyrste 6 seriekampane har det blitt 1 siger og 5 tap. Sigeren kom mot KFUM i førre runde, noko som truleg gir ei god kjensle før turen til Sogndal. Amazon er eit lag som har sluppe inn relativt lite, men dei har også hatt utfordringar med å score mål framover i bana. Ein jamn kamp og 0-1-tap mot Sarpsborg 08 er eit godt eksempel på at dei kan lage problem for dei beste laga i divisjonen. Me gler oss til ein spennande kamp, og jentene går for 3 poeng på heimebane!
Kampsponsor på søndag er Toyota Sogn. Dei har vore trufaste støttespelarar i over 40 år, og står framleis støtt bak damefotballen i Sogn. Både for Toyota Sogn og Sogndal FK Damer handlar det om kvalitet, tryggleik, engasjement og samspel!
Det blir eit gjensyn med Ine Langen Dale når Amazon Grimstad kjem på besøk på søndag. Jenta frå Kaupanger var med heilt frå oppstarten av Sogndal FK Damer i 2022 og fram til ho reiste sørover tidlegare i år. Ho står med 57 offisielle kampar for klubben, og kjenner naturleg nok Fosshaugadn godt. No får ho møte gamle lagvenninner på det som lenge var hennar eiga heimebane. Me gler oss til å sjå Ine igjen, men skal sjølvsagt gjere alt me kan for at poenga blir igjen i Sogndal!
Me fekk ein prat med Alida Hestetun Kilen og Vilde Tufte Mardal etter treninga på fredag. Jentene er klare, og håpar å sjå deg på tribuna!
Me gler oss til å sjå dykk på Fosshaugadn! Billettar til kampen får ein kjøpt i døra. Det kostar 100kr for vaksen, 50kr for student/VGS og alle under 16 år kjem inn gratis! I tillegg er det gratis inngang for alle russ på kortsida med Saftkokaradn. Me har mykje godt å by på i kiosken, og det blir loddsal med flotte premiar! Velkommen!
For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med! Kom på kamp!
Fotballtrøyefredag!