Solid slitesiger mot Amazon!

Jentene måtte kjempe hardt gjennom 90 minutt, og det vart ein skikkeleg slitekamp mot eit robust Amazon. Innsatsen skulle gi resultat, og med 2 scoringar og reint bur sikra dei 3 viktige poeng!

Allereie frå start gjekk jentene ut med høg energi og satte eit godt trykk på bortelaget. Det skapte nokre gode sjansar i dei fyrste minutta før kampen jamna seg meir ut. Utover omgangen var det ikkje alt som stemte i det offensive spelet, men ein hadde samtidig god kontroll bakover. Etter 19 minutt fekk ein opna opp og kriga inn den fyrste scoringa. Anna Palm fann ei luke i forsvaret og slo ei nydeleg pasning gjennom mot Eli Sofie Skjølberg. Ho fekk kasta seg fram og tuppa ballen fordi keeper til 1-0! Det var også stillinga til pause.

Etter pause var kampbiletet det same, og det vart ein jamn kamp der begge lag kunne kome til farlege situasjonar. Etter 57 minutt spelt skulle leiinga doblast, og denne gong var det på corner frå høgre. Mari Hov Heggestad fekk fyrst dytta ballen vidare i feltet, før ballen vart liggande inne i 5 meteren. Etter litt fram og tilbake enda ballen i beina på Mia Sævig Eriksen som fekk lobba ballen i mål til 2-0!

Det enda 2-0, og me tok ein prat med målscorarane etter kampen:

Hovudtrenar Magne Elde var glad for 3 viktige poeng, og at me ikkje fekk baklengsmål:

Tusen takk til alle som kom på kamp i dag! No ventar ein ny tøff bortekamp i Bergen. Me tek turen til Nestun for å møte Fana, og kampen spelast laurdag 6. juni kl. 13:00!

Martin Salbu