Ny tøff kamp om poenga i Bergen!
I dag set jentene seg på bussen igjen for ein ny bortekamp i 2. divisjon! Turen går til Bergen og møtet mot Fana på Nesttun!
Me har allereie møtt Fana tidlegare i år, då me vann 2-0 i generalprøva på Fosshaugadn. Julie Slattum Pettersen scora begge måla og gjekk inn i sesongstarten i storform. No skal det kjempast om poeng, og me er klare for ein endå vanskelegare test i ein av dei tøffare bortekampane for sesongen. Fana blir ein “vaksen” test, og er eit tøft lag å møte, med god fysikk og direkte spelestil. Det fekk me også kjenne på i treningskampen, då det var ein jamn kamp mot eit fysisk sterkt lag.
Etter sigeren mot Amazon førre helg har det vore ei god veke med trening for jentene. I dag vart dei siste førebuingane gjort før ein sat seg på bussen i retning Bergen. I kveld skal me lade opp til kamp på hotellet og sjå Norge sitt damelandslag i aksjon mot Tyskland!
Me håpar sjølvsagt å sjå ein god gjeng bortesupportarar på tribuna i morgon! For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med!