Sterk siger borte mot Fana!

Det vart mykje å juble for i Bergen i dag! Foto: Martin Salbu

Jentene fekk ei strålande opning på kampen og leverte ein kruttsterk fyrsteomgang. I andreomgang handla det om å kontrollere inn, og sjølv om Fana scora eit mål vart det ein komfortabel siger! 3 viktige poeng er med på bussen heim!

Allereie frå fyrste sekund tok jentene kontroll på kampen, og styrte det meste av banespelet. Duellane på midtbana vart vunne, og ein fekk etablert eit bra trykk mot heimelaget. Det skulle gi resultat, og allereie etter 13 minutt kom den fyrste scoringa. Alida Hestetun Kilen vann ballen høgt i bana og fekk tuppa den vidare til Julie Slattum Pettersen. Ho drog seg forbi stopparen, og satte enkelt inn 0-1. Kapteinen vår var verkeleg påskrudd i dag, og berre 5 minutt etter var ho der igjen. Nok ein gong var det Alida Hestetun Kilen som fekk spelt igjennom mot Pettersen. I bakrom er ho livsfarleg, og åleine med keeper satte ho inn 0-2 på sikkert vis!

På 0-2, etter to raske mål, jamna kampen seg litt meir ut. Heimelaget fekk ha meir ball, og spelte seg høgt inn på vår banehalvdel. Det opna eit enormt bakrom, noko Andrea Sælid Njøs utnytta. Etter 28 minutt spelt dunka ho ballen inn bak forsvaret, og Julie Slattum Pettersen var åleine igjennom igjen. Nok ein gong var ho iskald og sikra eit ekte hattrick! Det stod 0-3 til pause etter ein veldig god omgang frå jentene!

Ekte hattrick og 4 scoringar for Julie Slattum Pettersen! Foto: Martin Salbu

Etter pause vart det ein jamnare kamp der det handla om å kontrollere inn leiinga. Litt spenning skulle det allikevel bli då Fana reduserte til 1-3 etter 65 minutt spelt. Det gav ny energi for heimelaget, men ei god Benedicte Lund Berge stoppa alle forsøka som kom. 10 minutt før slutt vart det igjen bakrom for Pettersen, og denne gong kom ballen frå Mia Sævig Eriksen. I kroppsduell med forsvarar var Julie sterk og satte sitt 4. mål for dagen. Det enda 1-4 etter ein god kamp frå heile laget, og samtlege 5 innbyttarar kom inn frå benken med gode prestasjonar.

Hovudtrenar Magne Elde og 4-målscorar Julie Slattum Pettersen oppsummerer kampen slik:

Tusen takk til alle bortesupportarane som tok turen i dag! Det kjennest rett og slett ut som å spele på heimebane uansett kvar i landet me reiser! No ventar siste heimekamp før ferien, når me tek i mot Rosenborg 2 på Fosshaugadn! Kampen spelast søndag 14. juni kl. 11:30!

Martin Salbu