Siste heimekamp før sommarferien!
Jentene er klare for siste heimekamp før sommarferien, og me tek i mot Rosenborg 2 i morgon. Det blir ein ny kamp om viktige poeng for å henge med i toppen!
Rosenborg 2 er på mange måtar eit typisk andrelag i 2. divisjon, noko som også gjer kampane mot dei litt ekstra uforutsigbare. Det har vore ein ganske tøff start på sesongen poengmessig for trønderane, men prestasjonane bak resultata viser at dei har fått litt dårleg betalt. På heimebane har dei tatt poeng mot både Fana og Sandefjord, medan dei vann heile 5-0 mot Malvik i førre kamp. Ute på tur har det blitt 3 tap mot AaFK 2, KIL/Hemne og Sarpsborg 08, som alle er tøffe motstandarar. Me kjem til å møte eit vanskeleg lag å spele mot, og eit lag som jaktar poeng for å kome seg over nedrykksstreken i morgon.
Jentene har vore i god form i det siste, og står med 3 strake sigrar i serien. På desse kampane har dei også scora 11 mål, og berre sluppe inn 2. Det gir god sjølvtillit og ei fin stemning i troppen inn i dei siste kampane før ferien. Kampen mot Rosenborg 2 er den siste på Fosshaugadn før ferien, men det ventar også to tøffe bortekampar mot Sandefjord og Sarpsborg 08 før det blir pause i juni.
Me håpar å sjå dykk på Fosshaugadn i nydeleg sommarsol! Billettar til kampen får ein kjøpt i døra. Det kostar 100kr for vaksen, 50kr for student/VGS og alle under 16 år kjem inn gratis! Me har mykje godt å by på i kiosken, og det blir loddsal med flotte premiar! Velkommen!
For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med! Kom på kamp!