Årsverste i stortap mot RBK 2
Det vart ein blytung dag på jobben frå start til slutt i dag. Bortelaget var klart best før pause, og med 0-2 i sekken vart det ein vanskeleg kamp. I eit forsøk på å kome tilbake i andreomgang rakna det fullstendig bakover, og det enda til slutt 3-6.
Allereie frå start var det tydeleg at noko ikkje stemte, og bortelaget opna best. Meir energi, kraft og vilje gjorde at dei kom sigrande ut av duellane, og jentene var pressa skikkeleg bakover. Det førte til baklengs både 1 og 2 gonger før pause, noko som var ei fortent leiing.
Etter pause var det rett i angrep, og ein heilt annan energi i laget. Andrea Sælid Njøs vart spelt inn bak og kom til avslutning. Keeper redda, men på returen var Julie Slattum Pettersen fyrst og sprang den i mål til 1-2 etter berre 2 minutt av andreomgang. Så gjekk det gale bakover.
På berre 7 minutt auka bortelaget til 1-5 med tre raske scoringar. Då såg det umogleg ut å kome tilbake, men jentene fortsatte å jage på for scoring.
Etter 63 minutt scora fyrst Nathalie Høgi på corner etter at Mari Hov Heggestad heada ballen inn igjen i feltet. Berre 4 minutt etter kom det ei ny redusering, då Julie Slattum Pettersen stanga inn eit frispark frå Anna Palm til 3-5. Med godt over 20 minutt igjen var det framleis eit lite håp.
Diverre kom det ikkje fleire scoringar til tross for nokre gode sjansar, og bakover skapte framleis Rosenborg store problem for oss. Like før fulltid fekk dei straffe og la på til 3-6. Det vart også sluttresultatet.
Hovudtrenar Magne Elde var naturlegvis skuffa over prestasjonen i dag. Me fekk ein prat med han etter kampen:
Dette var ein skikkeleg “drittkamp”, men det kjem heldigvis moglegheit for revansje allereie til helga. No handlar det om å gløyme denne, og nullstille inn mot ein ny viktig kamp mot Sandefjord. Me har framleis kvalikplassen, og det er mange viktige poeng å kjempe for både før og etter sommarferien!