Fantastisk gåve frå generalpartnar Sparebanken Norge!

Vår fantastiske generalpartnar Sparebanken Norge har vore på besøk for å dele ut gåvemidlar! Me har fått ei historisk stor pengegåve på heile 5 000 000 kr!

Sparebanken Norge deler ut gåvemidlar til lag og organisasjonar to gonger i året. Gåvemidlar skal gi kraft til folk og lokalsamfunn og bidreg til å styrke både små og store prosjekt. Dette skapar levande lokalsamfunn, fellesskap og inkludering.

I førre veke var banken på besøk på Fosshaugadn og delte ut gåvemidlar til over 40 ulike organisasjonar. Det vart delt ut midlar til alt frå song og musikk, til idrett og andre fritidstilbod for både gamal og ung. Me fekk vere med å dele ut, men i går var det altså vår tur til å motta ei flott gåve!

Styreleiar Tone Bakke og dagleg leiar Sebastian Kaldestad saman med representantar frå Sparebanken Norge

Kva betyr denne tildelinga for Sogndal FK Damer?

- Dette betyr enormt mykje for oss. Støtta frå Sparebanken Norge gjer at vi kan halde fram med det viktige arbeidet vi allereie har starta i regionen, og samtidig setje dette endå meir i system. Dette inneber blant anna fotballdagar for jenter, jentefotballseminar og andre tiltak for å skape engasjement rundt jente- og damesatsinga. I tillegg gjer det oss moglegheit til å utvikle fasilitetar, rammene rundt det spelarane driv på med og møteplassar, som stimulerer til utvikling og auka samarbeid, fortel dagleg leiar Sebastian Kaldestad.

- Vi har store ambisjonar, men vi ønskjer å bygge stein på stein – og denne tildelinga gjer det mogleg å ta fleire av dei stega vi har diskutert og planlagt. Tildelinga frå Sparebanken Norge er ikkje berre ei investering i idrett – det er ei investering i likestilling, folkehelse og framtidstru, legg han til.

Det er heilt avgjerande for oss at me forvaltar midlande på ein ansvarleg måte. Me er veldig bevisste på at dette er gåvemidlar som skal gi varig verdi. Me skal ikkje ta heilt av, og me skal ikkje bruke pengar på kortsiktige løysingar. Me kjem til å jobbe strukturert, prioritere klokt og sørge for at alt me gjer er forankra i langsiktig utvikling. Dette handlar om å bygge noko som står seg - ikkje om å kjøpe raske resultat. Me skal jobbe knallhardt med å løfte jente- og damefotballen i regionen.

Jørgen Follevåg Mjelleli, Plassjef i Sogn og Fjordane-Sparebanken Norge

Jørgen Follevåg Mjelleli, Plassjef i Sogn og Fjordane-Sparebanken Norge fortel:

- Som generalpartnar for Sogndal Fotballklubb Damer er vi svært stolt over å kunne gi klubben og damene eit skikkelig løft. Løftet kjem som ein rein positiv konsekvens av arbeidet klubben sjølv har lagt ned for å fremje damefotballen i regionen, kombinert med toppsatsinga med utspring i Fosshaugane Campus. Klubben har levert gode sportslige resultat, bygd ein stødig organisasjon med stort frivillig engasjement, entusiasme og involvering. 

- Klubben er audmjuk og nysgjerrig ovanfor sponsorane sine, i forhold til det å spele kvarandre gode og nytte kompetansen dei har rundt seg. Vi meinar at klubben over tid sjølv har satt seg i ein posisjon der dei verkeleg fortjener dette løftet. Vi håpar at det med tida kan bli skapt enda fleire kvinnelege fotballprofilar som dei yngste jentene kan sjå opp til. «Jenter vil meir» og Sparebanken Norge følger stolt med fra sidelinja.

Kva er draumen vidare?

- Draumen er å skape eit miljø der jenter kan utvikle seg, trivast og satse – utan å måtte flytte frå regionen for tidleg. Vi ønskjer på sikt å vere ein stabil kraft i norsk toppfotball, men vi ønskjer å gjere det på vår måte: med røter i regionen, med gode verdiar og med ansvarleg drift, fortel Kaldestad.

Martin Salbu