Haustsesongen byrjar heime mot Tiller!

Etter ein god sommarferie er jentene tilbake på treningsfeltet og klare for ny innsats! Me har mykje å spele om, og det ligg til rette for ein spennande og jamn haustsesong! På søndag tek me i mot Tiller heime på Fosshaugadn, og me håpar å sjå dykk på tribuna!

Jentene har fått to gode treningsveker etter ferien, og no er me klare for seriekamp igjen. Førre helg gjekk turen til Bergen, der me møtte Fyllingsdalen til treningskamp. Det vart ein god test mot 1. divisjonsmotstand, og heile troppen fekk verdifulle minutt inn i haustsesongen.

Inn i hausten har det også skjedd litt endringar på spelarstallen. Amalie Ervik Røys har kome på overgang frå AaFK, medan Tuva Etterlid Kjøs har kome på lån frå Sarpsborg 08 ut sesongen. Dette er to jenter som vil styrke troppen, og vere gode bidragsytarar gjennom ein spennande haustsesong.

Marte Senneset Aaberge var ute med skade i siste del av vårsesongen og har brukt sommaren godt for å kome tilbake. No er ho speleklar og gler seg til å kome i gang att. Me tok ein prat med ho etter treninga på fredag:

Hovudtrenar Magne Elde gler seg til å kome i gang med hausten og gir oss ein liten status før kampen mot Tiller:

Me gler oss til å sjå dykk på Fosshaugadn igjen! Billettar til kampen får ein kjøpt i døra. Det kostar 100kr for vaksen, 50kr for student/VGS og alle under 16 år kjem inn gratis! Me har mykje godt å by på i kiosken, og det blir loddsal med flotte premiar! Velkommen!

For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med! Kom på kamp!

Martin Salbu