Velkommen tilbake, Amalie Røys
Me ønskjer Amalie Anny Ervik Røys, f. 21. juni 2007, velkommen tilbake til Sogndal FK Damer! Etter eit fint låneopphald frå AaFK i fjor, er me glade for at ho no melder permanent overgang til Saftbygda!
- Det kjennest godt og rett med noko nytt, og eg gler meg veldig til å komme i gong! Eg hadde det kjempefint her sist! Miljøet og fasilitetane her i Sogndal er veldig fine og noko eg treivst veldig med når eg var her sist!
Amalie spelte barne- og ungdomsfotball i Vanylven, før turen gjekk vidare til seniorfotball i Volda, Herd og AaFK Fortuna. Med godt over 60 kampar i 2. divisjon og 1. divisjon er ho allereie som 19-åring ein erfaren spelar. Me vart godt kjende med Amalie då ho var på lån i Sogndal i fjor. I løpet av vårsesongen spelte ho 11 kampar og scora 4 mål for oss. Etter låneopphaldet gjekk turen tilbake til AaFK der sesongen enda med opprykk for både 1. og 2. laget. I årets sesong har Amalie spelt fast for AaFK 2 i same 2. divisjonsavdeling som oss.
Amalie Røys er tilbake i Sogndal! Foto: Martin Salbu
Amalie er ein offensiv spelartype som kan nyttast i ulike roller både på midtbana og i angrep. Ho har mykje erfaring frå toppfotballen og ferdigheiter som vil gi oss auka konkurranse på fleire posisjonar. Hovudtrenar Magne Elde fortel:
- Vi gler oss til å få Amalie tilbake til Sogndal og inn i spelargruppa på fast basis. Ho vil tilføre gruppa vår erfaring og kultur frå toppfotballen, og kjem inn med ei stor lyst og vilje til å bidra for å løfte både seg sjølv og laget vidare. Amalie er ei fotballjente med gode ferdigheter med ballen som si største styrke. Som spelar er ho flink til å finne og behandle ballen i små rom. Ho har også målpoeng i seg om vi får utnytta styrkane hennar høgt oppe i bana. Litt "nytt blod", skjerpa konkurranse og nye impulsar er perfekt for oss inn i ein spennande haustsesong, fortel han.
Amalie sjølv fortel at ho gler seg til å kome i gang, og beskriv seg sjølv som ein offensiv spelar:
- Eg er ein offensiv spelar som likar å ha ball i beina, og har ein god skotfot. Eg ser fram til å spele mykje fotball og håpar å bidra med det eg kan til at Sogndal gjer det så godt som mogleg i haustsesongen. Målet mitt må vere å bidra med flest mogleg målpoeng
Tilbake i svart og kvitt! Foto: Martin Salbu
Amalie er med på si fyrste trening når jentene startar opp att i morgon kl. 17:30. På laurdag spelar me treningskamp i Bergen mot Fyllingsdalen, og jentene skal få ein god test før haustsesongen sparkast i gang! Allereie 2. august ventar ein spennande heimekamp mot Tiller, og det skal igjen kjempast om viktige poeng! Me gler oss til ein spennande haustsesong med dykk på tribuna!