Mykje positivt og ei god gjennomkøyring mot Fyllingsdalen

Mari Hov Heggestad i ein av mange duellar på midtbana Foto: Martin Salbu

Det vart ei god gjennomkøyring og ein fin test i dagens treningskamp mot Fyllingsdalen. I eit skikkeleg surt regnvær leverte jentene ein fin fyrsteomgang, medan forskjellen på laga vart større utover andreomgang. Kampen enda 4-1 til heimelaget.

Me fekk ein flott start på kampen, og jentene gjekk ut med god energi på Varden Amfi. Allereie etter 6 minutt spelt pressa Anna Palm Fyllingsdalen bak til eigen keeper. Nysignering Amalie Røys fullførte jobben med høgt press og vann ballen frå keeper før ho fekk ei enkel oppgåve med å setje ballen i det opne målet. Det betyr scoring i den uoffisielle redebuten for Amalie, og ei tidleg leiing i regnværet i Bergen. Sjå biletserie frå målet under:

Fyllingsdalen slo raskt tilbake, og etter 11 minutt spelt kom utlikninga på ein corner som vart slått mot bakre stolpe. Etter ein jamn start på kampen tok Fyllingsdalen over banespelet etter pause, men jentene hang framleis godt med. Ein kom til fleire gode sjansar utover i omgangen, og berre tilfeldigheiter og litt unøyaktigheit gjorde at det ikkje kom fleire scoringar.

Heile troppen skulle i aksjon i dag, og allereie til pause gjorde me 3 endringar på laget som starta kampen. Me har god konkurranse i troppen, og i fleire kampar i vår fekk me vist at store delar av troppen vart viktig. Også Fyllingsdalen gjorde mykje byter utover andreomgangen, og kampen vart difor litt prega nye relasjonar og mange endringar. Då fekk heimelaget vist fram sin styrke: dødballar.

Etter 55 minutt kom 2-1-scoringa på ein ny corner, medan 3-1 kom på eit frispark etter 70 minutt. Mot eit sterkt og solid lag klarte ein ikkje å forsvare eigen boks godt nok, og divisjonsforskjellen på laga vart tydelegare. Allikevel stod jentene godt i mot i banespelet og kom til fleire gode situasjonar framover i bana. Like før slutt la Fyllingsdalen på til 4-1.

Totaltsett vart det ei god gjennomkøyring der heile troppen fekk verdifulle minutt i beina. Ein leverte ein solid fyrsteomgang der ein var fullt på høgde med 1. divisjonsmotstand, og så har ein framleis ting å justere inn mot fyrste seriekamp etter ferien. No ventar Tiller på Fosshaugadn søndag 2. august kl. 13:00. Me håpar å sjå dykk der!

Martin Salbu