Innspel til strategiprosess i Sogndal FK Damer
Sogndal FK Damer har no vore i drift i fem år. Klubben jobbar no med ein langsiktig strategi for å sikre ei berekraftig utvikling av klubben. Me opplever eit stort engasjement både i og rundt klubben, og me ønskjer å ta med oss innspel frå dykk i det vidare arbeidet med strategien. Difor håpar me at både interne, frivillige, samarbeidspartnarar, fotballmiljø og andre som er opptekne av klubben si framtid vil bruke nokre minutt til å komme med sine tankar. Svar gjerne kort eller utfyllande. Alle innspel er verdifulle :)
Du svarar anonymt dersom du ønskjer det.
Svarfrist: 10. august
Klikk her for å gå til undersøkinga
Styret i Sogndal FK Damer