Velkommen, Tuva Kjøs!
Tuva Etterlid Kjøs i aksjon på trening. Foto: Martin Salbu
Me ønskjer Tuva Etterlid Kjøs, f. 15. desember 2005, velkommen til Sogndal FK Damer! Keeperen frå Sande i Sunnfjord kjem på lån frå Sarpsborg 08 ut sesongen!
- Det er veldig kjekt å få kome hit. Dette er ei god moglegheit for meg til å få meir speletid i 2. divisjon, og det med eit sterkt lag, fortel Tuva.
Tuva kjem frå Sande i Sunnfjord, og byrja karriera i Gaular IL . Ho spelte i moderklubben fram til 2021, og var også innom kretslag som ein lovande keeper i fylket. Allereie før ho fylte 16 år flytta ho til Fredrikstad for å byrja på vidaregåande skule, og å satse på fotballen. Her vart ho ein del av Fredrikstad sitt J17-lag, og spelte fast i den regionale J17-serien. Ho fekk også 5 offisielle kampar for Fredrikstad sitt A-lag på slutten av sesongen. Det enda med opprykkskvalifisering og opprykk til 2. divisjon. Året etter spelte ho jamnleg for Fredrikstad i 2. divisjon, og fekk mykje verdifull erfaring i ung alder.
Etter opphaldet i Fredrikstad gjekk turen vidare til Sarpsborg 08. Også her fekk ho mykje god erfaring frå 2. divisjon fram til det dukka opp ei spennande og unik moglegheit over dammen. Som 18-åring vart ho utenlandsproff for Clayton State University utanfor Atlanta. Georgia-laget spelte i 2. divisjon i college-systemet i USA, eit land som lenge har vore langt framme i satsinga på kvinnefotball. Etter eit lite eventyr på den andre sida av verda returnerte ho til Sarpsborg 08 før 2025-sesongen. Her har ho spelt sidan, og no går turen til Saftbygda på lån ut sesongen!
Då Ingeborg Osland framleis ikkje er speleklar etter skulderoperasjonen i februar, har me hatt behov for å løyse keepersituasjonen på kort sikt. Tuva er ein offensiv og uredd keeper som vil bli ei god ressurs for oss i haust. Magne Elde beskriv ho slik:
- Då vår rutinerte keeper Ingeborg Osland endå er ute med skade, er vi no veldig glade for at vi også har løyst keeperutfordringa inn i ein spennande haustsesong. Ekstra kjekt er det alltid når løysinga er lokal. Tuva har vore med oss i ei god veke no og spelte også treningskampen vår mot Fyllingsdalen. Ho har vist oss ein flott personlighet og sterk mentalitet i denne perioden, noko som gjer at vi gler oss til å jobbe vidare inn i hausten. Tuva er reaksjonssterk, god 1 mot 1 og offensiv og uredd i spelet sitt. Vi gler oss til hausten med Tuva på laget!
Tuva gler seg til å bidra og beskriv seg sjølv som ein offensiv keepertype:
- Eg håpar spesielt å kunne bidra med ekstra tryggleik i laget under trening og spesielt i kamp. Eg er ein offensiv og spelande keepertype, som gjerne er mykje med i spel og ligger å sweeper, seier Tuva sjølv.
Tuva Etterlid Kjøs er klar for Sogndal FK Damer! Foto: Martin Salbu
Tuva har allereie vore med på trening i to veker, og har kome fint inn i gruppa. I helga var ho med på sosialtur til Bergen, og spelte treningskampen mot Fyllingsdalen. Ho har gjort eit godt inntrykk både på og utanfor bana, noko som gjer oss trygge på at ho er eit godt val.
- Det har gått veldig bra å kome inn i gruppa vil eg seie. Det er ein sosial og kjekk gjeng å bli kjent med! Det var kjekt å bli kasta rett ut i det med både sosialtur og kamp!
Tuva er speleklar allereie til fyrste seriekamp i haustsesongen, når me tek i mot Tiller på søndag. Det blir ein tett og jamn kamp om viktige poeng! Me gler oss til ein spennande haust, og håpar å sjå dykk på tribuna!