Takk for innsatsen Konstanse, Oselie og Benedicte!
Jentene har tatt sommarferie, og har no ein vel fortent pause etter vårsesongen. Me gler oss til oppstarten tysdag 21. juli, og ser fram mot ein spennande haustsesong med mykje å kjempe om. Allereie no er det klart at det er tre spelarar som ikkje blir med i haust, og me ønskjer å takke Konstanse Henden, Oselie Henden og Benedicte Lund Berge for innsatsen!
Konstanse Henden, f. 26. mai 2009
Den unge keeperen frå Eid meldte overgang frå moderklubben før årets sesong, og har vore med som hospitant i treningsgruppa før det. Ho har bidrege til å styrke keepergruppa vår, og levert fleire viktige bidrag både i trening og i kamp. Den offisielle debuten for klubben kom i 5-0-sigeren borte mot Førde i cupen, og det vart i tillegg tre seriekampar mot KFUM, Tiller og Malvik. Konstanse flyttar no til Bergen i samband med skulegangen, og melder samtidig overgang til Brann. Me takkar for innsatsen og ønskjer lukke til vidare i Bergen!
Oselie Henden, f. 18. desember 2002
Midtstopparen frå Eid kom inn som ein ekstra ressurs i forsvarsrekka på hausten i fjor. Hennar erfaring frå både Fyllingsdalen og Arna Bjørnar i 1. divisjon var nyttig i 11 seriekampar i fjor, medan det har blitt 6 kampar i år. Oselie bur i Bergen og har ein travel kvardag der, noko som har gjort at ho ikkje har vore like mykje involvert i år. Ho har no fått ein spennande jobb i TV2. Me takkar for innsatsen, og ønskjer lukke til vidare!
Benedicte Lund Berge, f. 5. mars 2003
Keeperen frå Blindheim har vore på lån hjå oss frå Arna Bjørnar i vår. I løpet av vår sesongen vart det 8 seriekampar for klubben, og Benedicte har vore ein god ressurs i keepergruppa. Når låneopphaldet no er over vender ho tilbake til Arna Bjørnar. Me takkar for innsatsen, og ønskjer lukke til vidare!
Jentene er tilbake på treningsfeltet tysdag 21. juli, og byrjar med fellestreningane inn mot ein spennande haust. Laurdag 25. juli spelar me treningskamp mot Fyllingsdalen på Varden Amfi, og den fyrste seriekampen spelast mot Tiller på Fosshaugadn, søndag 2. august kl. 13:00! Deretter viser kalenderen at kampane kjem tett utover hausten, og me gler oss til å kjempe om poeng igjen!