Tap i Sarpsborg og inn i sommarferie
Det enda med tap mot den suverene serieleiaren Sarpsborg, og jentene har no tatt sommarferie.
I fyrsteomgang leverte jentene ein god omgang mot eit godt lag, og heimelaget sleit med å skape dei store sjansane. Alle gjorde ein god jobb i det defensive, og ein tok dei kontringane som kom utan at det vart utteljing. Like før drikkepausen fekk Sarpsborg hol på byllen og gjekk opp i leiinga til 1-0. Det stod også 1-0 til pause.
Rett etter pause kom det ei ny scoring på verst tenkelege tidspunkt, og det stod 2-0 etter berre 48 minutt spelt. I høg varme og sterk sol kosta det etter kvart mykje krefter å gjere jobben, og utover omgangen vart det tyngre og tyngre for jentene. Heimelaget kunne bruke ball og fekk energi av scoringane, medan det vart mykje springing defensivt for våre jenter. Då vart Sarpsborg rett og slett nokre hakk for gode og vann til slutt 7-1. Vår toppscorar Julie Slattum Pettersen scora vårt mål, og sørga for at me framleis har scora i samtlege kampar i 2026!
Sarpsborg har vunne samtlege kampar i vår, og har så godt som allereie sikra opprykket. Her fekk me eit tydeleg svar på kvar nivået ligg for å rykke direkte opp. Me har framleis ein viktig kvalifiseringsplass å kjempe for, og er i god posisjon framføre haustsesongen. Hovudtrenar Magne Elde sa dette etter kampen:
No ventar 3 veker ferie for jentene og støtteapparatet, før ein startar opp med fellestreningar igjen tysdag 21. juni. Laurdag 25. juni spelar me treningskamp mot Fyllingsdalen for å lade opp til fyrste kamp i haustsesongen. Kampen spelast på Varden Amfi i Bergen, laurdag 25. juli kl. 12:00.
Fyrste seriekamp etter ferien er heimekampen mot Tiller, søndag 2. august kl. 13:00. Då håpar me å sjå dykk på Fosshaugadn og klare for ein spennande haustsesong!