Siste kamp før sommarferien - Sarpsborg er motstandar!
Det er klart for siste kamp før sommarferien, og me tek turen austover til Sarpsborg. Her møter me topplaget Sarpsborg 08, som endå ikkje har tapt eit einaste poeng. Det skal jentene gjere noko med i morgon!
Sarpsborg 08 er som nemnd ubesigra i årets sesong, og står med 9 sigrar av 9 moglege. Her er det både store sigrar som 8-1 mot KFUM og 5-1 mot Sandefjord, medan dei også har fleire slitekampar der dei har vunne med eitt mål mot lag som Tiller, Amazon og KIL/Hemne. Dei har vist ei sterk evne til å vinne, sjølv på dårlege dagar, men er absolutt ikkje uslåelege. Me reiser til Sarpsborg med ambisjonar om å ta poeng, og jentene skal gi alt for å skape problem for heimelaget.
Det har vore ei fin veke på treningsfeltet, og jentene skal vere klare til ein ny tøff bortekamp. Dei viste nok ein gong mot Sandefjord at heile spelartroppen er konkurransedyktig, og at ein har god breidde sjølv med mange forfall. Det blir viktig også i morgon!
På veg austover stoppa me på Gol for å gjennomføre ei lett treningsøkt. Her vart det blant anna konkurransar og god stemning, og sjølvsagt straff til taparane. Tusen takk til Hallingdal FK for lån av bane og god velkomst!
Ny bortekamp betyr god støtte på tribuna, og me håpar det kjem mange også i morgon! For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med!