Kruttsterk opphenting og viktig bortepoeng!
Ballen på veg i mål til 4-4! Foto: Martin Salbu
Det vart ein ny tøff kamp, og jentene måtte jage frå start då heimelaget tok ei tidleg leiing. I varmen kjempa dei tappert og reduserte 3 gonger før utlikninga kom 5 minutt før slutt! Det betyr eit viktig poeng i ein tøff bortekamp mot ein av konkurrentane til kvalikplassen!
Dei fyrste minuttane kom jentene ut med mykje energi og fekk ein god start på kampen. Allikevel skulle det kome eit tidleg baklengsmål etter berre 7 minutt. Sandefjord fekk corner, og når klareringa var for kort låg ballen i mål. Til tross for baklengsmålet var banespelet framleis jamnt, og jentene kom seg til halvsjansar utan resultat. Når Sandefjord då auka til 2-0 etter berre 13 minutt vart det ein vanskeleg kamp.
I løpet av fyrsteomgangen kom jentene til fleire gode sjansar, men det ville seg ikkje. Ikkje før det stod 44 minutt på tavla. Nathalie Høgi vann ballen høgt i bana og fann Julie Slattum Pettersen. Spissen dytta vidare til Anna Palm, som kontrollert satte inn 2-1. Diverre kom det ein ny kalddusj på overtid av fyrsteomgang når Sandefjord auka til 3-1 på ein ny corner.
Anna Palm scora eit viktig mål før pause. Foto: Martin Salbu
Etter pause gjekk ein igjen ut i 100% for å jage scoring. Etter berre 2 minutt vart det utteljing. Julie Slattum Pettersen svinga inn eit godt innlegg som heimelaget sin midtstoppar sat i eige nett. Nytt håp, og tilbake innanfor rekkevidde til 3-2. Igjen vart det ein ny smell bakover då Sandefjord gjekk opp til 4-2, og med 30 minutt igjen av kampen var det langt til mål. Heldigvis var det fleire scoringar som venta.
Jentene gav aldri opp, og berre 2 minutt etter førre baklengs vann Mari Hov Heggestad ballen høgt i bana. Med ei god pasning sendte ho igjennom Nathalie Høgi, som var roleg framføre mål. 4-3, og tilbake innanfor rekkevidde. Resten av kampen handla det mykje om press frå Sogndal, medan Sandefjord var farlege på kontringar. 5 minutt før slutt kom den fortente utlikninga då Mia Sævig Eriksen stanga inn ein corner! Det enda 4-4 i ein målrik og tung bortekamp.
Mari Hov Heggestad assisterte Mia Sævig Eriksen til 4-4! Foto: Martin Salbu
Me skal vere godt nøgde med poeng etter ei fantastisk opphenting, sjølv om me alltid ønskjer å vinne. Det var eit veldig viktig poeng i toppkampen, og hovudtrenar Magne Elde var nøgd med innsatsen frå jentene:
No ventar ein siste kamp før sommarferien. Me skal til Sarpsborg å møte divisjonens klart beste lag, men jentene skal vere klare. Det blir ein tøff kamp, der me skal gjere alt me kan for å skape problem for laget som endå ikkje har tapt eit poeng i årets sesong! Tusen takk til fantastiske bortesupportarar! Me gler oss til å sjå dykk i Sarpsborg også!