Bortekamp mot Sandefjord

Jentene er på plass i Sandefjord og ladar opp til morgondagens kamp! Me skal slå tilbake etter førre kamp, og gler oss til ein spennande kamp om viktige poeng!

Sandefjord er eit godt lag i avdelinga vår, og etter 9 rundar ligg dei på 5. plass, berre 3 poeng bak oss. 4 sigrar, 2 uavgjorte og 3 tap gir 14 poeng, og spesielt på heimebane har dei nokre sterke resultat. 8-1 mot KIL/Hemne og 4-1 mot Fana viser toppnivået, medan det vart 1-5-tap for Sarpsborg i deira førre heimekamp. Jentene har førebudd seg godt på ein tøff kamp, men me har trua på eit godt resultat!

Det har vore ei god treningsveke for jentene, sjølv om det er ein noko redusert tropp som har reist til Sandefjord. Med fleire spelarar ute med skade må ein igjen vise at det er god konkurranse i troppen. Det er mange som har vist at dei kan ta vare på sjansen tidlegare i år, og i morgon må igjen heile troppen være på sitt beste!

Før avreise vart det gjennomført ei lett trening på Fosshaugadn. Me tok ein prat med Mari Hov Heggestad etter treninga:

På bortebane får me ofte sjå mange på tribuna, og me håpar det kjem mange også i morgon! For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med!

Martin Salbu