3 deilige poeng mot Tiller!
Mari Hov Heggestad scora mot Tiller! Foto: Martin Salbu
Kjensla av 3 poeng er alltid like god, og etter ein lang sommarferie var det herleg å vinne igjen! Jentene leverte ein solid prestasjon og drog i land 2-0 heime mot Tiller i haustsesongens fyrste kamp!
Etter ein litt rotete start på kampen tok jentene meir og meir over utover fyrsteomgang. Det skulle gi teljande resultat like før halvtimen spelt. Ella Berge Hestetun vart spelt opp på venstrekanten, drog seg inn og fekk lagt inn mot bakre stolpe. Der venta Vilde Tufte Mardal som la igjen mot Mari Hov Heggestad. På fyrste touch banka ho ballen i mål til 1-0, og me var i føringa. Det stod 1-0 til pause.
Etter kvilen byrja jentene mykje betre, og gjekk rett i strupen på bortelaget. Berre 3 minutt ut i omgangen spelte Vilde Tufte Mardal flott inn i bakrom mot Andrea Sælid Njøs. Åleine mot keeper gjorde ho ingen feil, og satte ballen kontrollert i mål til 2-0. Ein perfekt start på omgangen, og leiinga var dobla!
Jentene fortsatte å køyre på og hadde ein skikkeleg god periode i fyrste del av andreomgang. Nydeleg kombinasjonsspel og fleire gode angrep skapte nokre enorme sjansar til å auke leiinga, men gode redningar og stolpane stod i vegen. Kampen vart aldri heilt punktert, og Tiller kjempa seg meir inn i kampen mot slutten. Debutant Tuva Etterlid Kjøs leverte nokre fantastiske redningar, og sikra clean sheet i sin fyrste obligatoriske kamp. Det betyr 3 deilige poeng og ein flott start på haustsesongen!
Hovudtrenar Magne Elde oppsummerer kampen slik: