Årets lengste bortetur - Amazon Grimstad er neste motstandar!

Etter 3 poeng mot Tiller har jentene tatt med seg god energi inn i ei ny treningsveke. Konkurransen om plassane er betre enn nokon gong, og me har fått ein god start på hausten. No ventar ei ny utfordring i ein tøff bortekamp mot Amazon Grimstad.

Amazon har hatt ein tøff vårsesong, og gjekk inn i ferien på sisteplass på tabellen. I jamne kampar har det bikka feil veg, og dei har fått litt dårleg betalt i nokre viktige oppgjer. Dei er eit solid fysisk lag som slepp inn lite mål, medan dei også har slitt med å score. Det er også verdt å merke seg at dei hadde spelt ein kamp mindre før ferien, og den vart spelt tidlegare i denne veka. På onsdag tok dei ein viktig 2-1-siger heime mot AaFK 2, og har med seg ei god kjensle før me kjem på besøk på søndag.

I vår enda det med ein fin 2-0-siger mot Amazon på Fosshaugadn. Det var ein kamp der me hadde mykje ball, og slapp til få sjansar, men også måtte jobbe for å bryte ned eit godt forsvar. Eli Sofie Skjølberg si scoring i fyrsteomgang, og Mia Sævig Eriksen si scoring i andreomgang gjorde allikevel at det vart ein komfortabel avslutning på oppgjeret. På søndag spelast kampen på grasbana på Levermyr Stadion, noko som blir ei ny erfaring i årets einaste graskamp for vår del.

Amalie Ervik Røys og Mia Sævig Eriksen er begge klare for ein ny bortekamp, og me tok ein prat med dei etter treninga på fredag:

Hovudtrenar Magne Elde fortel om forventningane til kampen og status på spelartroppen:

Det er langt til Grimstad, men me håpar framleis å sjå nokre av våre fantastiske supportarar på bortefeltet! For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med!

Martin Salbu