Fantastisk prestasjon og overlegen siger mot Amazon!

Det vart mykje å juble for i Grimstad i dag! Foto: Martin Salbu

Jentene leverte ein kjempeprestasjon i dagens kamp mot Amazon, og sikra ein herleg siger! Allereie til pause stod det 0-4, og i andreomgang la Julie Slattum Pettersen på til 0-5! Det betyr at 3 viktige poeng er med på den lange bussturen heim til Sogndal!

Dei fyrste minutta var jamne, og begge lag opna kampen kontrollert. Då det var årets fyrste kamp på gras brukte jentene nokre minutt på å bli kjend med underlaget, og så byrja køyret mot heimelaget sitt mål. Ella Berge Hestetun hadde allereie prøvd skotfoten frå distanse ein gong, og etter 20 minutt kom dagens fyrste scoring. Frå godt utanfor 16-meteren banka ho til og skrudde ballen elegant i krysset. Ei skikkeleg perle sendte oss i føringa!

Amalie Ervik Røys ville ikkje vere noko dårlegare, og etter 26 minutt kom det ei ny flott scoring. Andrea Sælid Njøs avanserte med ballen og drog seg forbi fleire forsvarar. Utanfor 16-meteren venda ho tilbake og trilla den i retur til Røys. Ho la ballen til rette og banka den i krysset til 0-2!

Amalie Ervik Røys banka inn 0-2! Foto: Martin Salbu

Jentene fortsatte å presse på, og berre 5 minutt seinare låg ballen i nettet igjen. Anna Palm svinga inn eit flott frispark frå høgre, og i boksen stanga Mia Sævig Eriksen inn 3-0! Ein skikkeleg dominerande periode av kampen var endå ikkje over, og med 4 minutt igjen til pause var det Andrea Sølid Njøs sin tur. På eiga hand vann ho ballen høgt i bana, dribla seg forbi 3 forsvararar og curla ballen i lengste kryss til 0-4! 4 fantastiske scoringar og full kontroll bakover i bana gjorde at det også var stillinga til pause.

Andreomgang vart ein ny solid omgang defensivt, der Amazon ikkje kom til mange sjansar. Framover i bana jakta jentene nye scoringar, og til tross for store sjansar lot dei vente på seg. Heile troppen fekk speletid, og samtlege innbyttarar gjorde ein solid innsats for å kontrollere inn ein flott siger. Så dukka kapteinen vår opp på rett plass på overtid. Ein corner frå Anna Palm vart slått inn mot fyrste stolpe, og i boksen var Julie Slattum Pettersen overlegen. Ei solid heading fastsette resultatet til 0-5!

Hovudtrenar Magne Elde var godt nøgd med jentene i dag:

No går turen heim til Sogndal, og bussturen blir mange hakk enklare etter ein slik kamp! Me har med oss 3 viktige poeng, og ser fram mot neste kamp! På laurdag tek me i mot Sandefjord på Fosshaugadn, og då håpar me å sjå dykk på tribuna!

Martin Salbu