Velkommen, Bjørg Godvin!

Bjørg Fog Godvin er klar for Sogndal FK Damer Foto: Martin Salbu

Me ønskjer Bjørg Fog Godvin, f. 21. september 2000, velkommen til Sogndal FK Damer! Den danske forsvarsspelaren melder overgang frå Østerbro IF i dansk 1. divisjon!

- Det er veldig fint å få moglegheita til å bli ein del av Sogndal FK Damer, medan eg er her på utveksling i samband med studiane. Det er ei fantastisk moglegheit til å kombinere studiane med lidenskapen for fotball, og eg gler meg veldig til å bli ein del av laget.

Bjørg er ein forsvarsspelar med god fysikk og høgde. Ho har spelt både back og midtstoppar tidlegare, og kan bekle fleire roller defensivt i bana. I Danmark spelte ho i Østerbro IF, som er eit av topplaga på nivå 2 i heimlandet. Ho har god erfaring og mykje kvalitet, noko som vil bli eit fint tilskot til spelartroppen no i haust.

Bjørg har vore med på eit par treningar, og kome godt inn i gruppa. Ho fortel om eit godt fyrsteinntrykk av både bygda og klubben:

- Fyrsteinntrykket av klubben er veldig bra. Fasilitetane er framifrå, og eg merkar at kvinnefotball blir tatt på alvor og prioritert høgt her. Standarden er høg, og miljøet er særs godt eigna for spelarutvikling. Samstundes har alle vore utruleg hyggelege og gjeve meg ein varm velkomst, så eg føler meg allereie heime i klubben.

Hovudtrenar Magne Elde beskriv ho som ein fysisk god spelar:

- Bjørg er ein fysisk god og duellsterk midtstoppar og back. Ho har gode ferdigheiter med ballen, og har god spelforståing. Me ser at ho har spelt på eit bra nivå i Danmark, og ho kjem inn med mykje rutine og erfaring. Me håpar at det skal bidra positivt inn i spelargruppa, og er trygge på at det gir auka konkurranse og kvalitet i ein allereie sterk tropp, fortel han.

Bjørg har kome til Sogndal som utvekslingsstudent, og skal ta delar av idrettsutdanninga si her. I utgangspunktet blir ho her ut sesongen, og me håpar ho kan bli ein god ressurs inn i ein spennande haust med mange viktige kampar. Debuten kan kome allereie mot Sandefjord på laurdag, då ho er speleklar frå og med i dag. Ho fortel at ho håpar på mange fine opplevingar utover hausten:

- Målet mitt for denne sesongen er fyrst og fremst å utvikle meg som spelar og å bli ein del av laget. Eg ønskjer å bidra så mykje som mogleg på banen og lære av både trenarane og lagkameratane mine. I tillegg håpar eg naturlegvis å få mange fine opplevingar med laget og få mest mogleg ut av tida mi i Sogndal.

Velkommen til Sogndal, Bjørg! Me gler oss til ein spennande haust!

Martin Salbu