Velkommen, Maria Erland!
Maria Erland er klar for Sogndal FK Damer! Foto: Martin Salbu
Me ønskjer Maria Erland, f. 7. juni 2002, velkommen til Sogndal FK Damer! Midtstopparen melder overgang frå Skeid i 3. divisjon, der ho har spelt sidan 2024!
- Å signere for Sogndal er veldig kjekt og spennande. Det verkar som ein utruleg bra og ambisiøs klubb med gode fasilitetar og rammer for utvikling. Eg gler meg til haustsesongen, og har blitt tatt godt i mot av alle saman, fortel ho.
Maria kjem frå Sandnes, og er ein duellsterk midtstoppar som er god med ball. Dei siste 2,5 sesongane har ho spelt fast for Skeid, som er eit av topplaga i ei sterk 3. divisjonsavdeling i Oslo. Maria vil tilføre gruppa auka kvalitet i både trening og kamp, og sørge for at me får endå betre breidde og konkurranse i troppen. Det blir viktig inn i ein spennande haust med mange tette kampar. Ho svarar følgjande på kva spelartype me får inn i troppen:
- Eg vil beskrive meg sjølv som ein duellsterk og tøff midtstoppar, med god spelforståing og ein god pasningsfot.
Hovudtrenar Magne Elde held fram:
- Maria kjem inn i troppen som eit fint tilskot i dei bakre rekker. Ho er ein spelar med god fotballforståing, og er god med ballen. Ho har bra rutine, og er god i duellspelet. Maria har kome inn i gruppa med ei positiv innstilling, og har gjort eit godt inntrykk på trening.
Maria skal jobbe turnus som fysioterapeut i Lærdal, og skal i utgangspunktet vere her ut sesongen. Me gler oss til å sjå ho i aksjon i kvitt og svart, og ser fram til ein spennande haust.
- Målet mitt for denne hausten i Sogndal er å bidra det eg kan i kampen om opprykk, både på og utanfor bana. I tillegg til å utvikle meg sjølv som spelar.
Velkommen til Sogndal FK Damer, Maria!