Toppkamp på Fosshaugadn - Sandefjord kjem på besøk!

Det blir ein ny tøff kamp mot Sandefjord! Foto: Martin Salbu

Me har fått ein flott start på haustsesongen, og står med 6 poeng og 0 baklengsmål på dei to fyrste kampane. Det håpar me å halde fram i morgon, men det blir ein tøff test i toppkampen mot Sandefjord!

Sandefjord ligg på 5. plass på tabellen med 21 poeng etter 13 serierundar. Det er allikevel veldig tett på øvre halvdel, og frå vår andreplass skiljer det berre 4 poeng ned til 6. plassen. I dei to førre kampane har dei vunne 3-2 borte mot Malvik, medan dei fekk eit tungt 5-0-tap borte mot KIL/Hemne sist. Så seint som i går vart det også kjent at dei avsluttar samarbeidet med hovudtrenar Fredrik Purser. Det blir uansett ein tøff test som ventar oss i morgon, og me forventar å møte ein revansjelysten gjeng med masse energi.

I førre møte med Sandefjord vart det ein skikkeleg fartsfylt kamp, og det enda heile 4-4. Jentene kjempa seg tilbake etter å ha kome under 3 gonger, og sikra eit viktig poeng i ein tøff bortekamp. På dei 3 siste oppgjera mot Sandefjord har det blitt scora heile 7 mål i snitt, og alt tydar på at det vil bli underhaldande også i morgon! Kom på kamp!

Mia Sævig Eriksen utlikna til 4-4 mot Sandefjord! Foto: Martin Salbu

Me gler oss til å sjå dykk på Fosshaugadn igjen! Billettar til kampen får ein kjøpt i døra. Det kostar 100kr for vaksen, 50kr for student/VGS og alle under 16 år kjem inn gratis! Me har mykje godt å by på i kiosken, og det blir loddsal med flotte premiar! Velkommen!

For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med! Kom på kamp!

Martin Salbu