Surt tap mot Sandefjord!

Det enda diverre med tap i dagens kamp mot Sandefjord. Etter ein fyrsteomgang under pari, fekk me ein god start etter pause, men etter raudt kort vart det utfordrande å jakte utlikning.

Før pause var det Sandefjord som kom best i gang, sjølv om det var ein relativ jamn start på kampen. Jentene brukte litt tid på å kome skikkeleg i gang, og då var det bortelaget som skulle ta leiinga. Etter 18 minutt spelt kom dei til avslutning frå høgre, og ballen gjekk via ein forsvarar og i mål til 0-1. Det var også stillinga til pause.

Etter pause kom jentene ut med ei heilt annan energi og trøkk, og skapte umiddelbart problem for Sandefjord. Nokre gode moglegheiter tidleg i omgangen vart hindra, før Julie Slattum Pettersen dukka opp etter 53 minutt. Eit innlegg frå Eli Sofie Skjølberg vart slått inn bak forsvaret og Pettersen fekk stanga ballen i mål. Diverre vart det feilaktig annulert for offside, og me vart snytt for ei viktig scoring tidleg i omgangen.

Kort tid etter vart keeper Tuva Etterlid Kjøs utvist, og me måtte spele i over 30 minutt med 1 spelar mindre på bana, og Eli Sofie Skjølberg som keeper. Jentene sprang framleis mest og skapte fleire gode sjansar i undertall. Når klokka tikka mot 90 minutt satsa ein alt for ei utlikning, og då opna det seg også kontringsrom bakover. På overtid satte Sandefjord spikeren i kista med 0-2.

Me tok ein prat med hovudtrenar Magne Elde etter kampen:

Tusen takk til alle som kom på kamp i dag. Me ser framover mot neste kamp på bortebane mot KFUM. Den kampen spelast laurdag 22. august, og me håpar å sjå mange supportarar på tribuna også i den kampen!

Martin Salbu