Stor milepæl for Andrea Njøs - 100 kampar i kvitt og svart!

Sebastian Kaldestad, Andrea Sælid Njøs og Normann Henning Fimreite Foto: Martin Salbu

Andrea Sælid Njøs har vore ein viktig del av Sogndal FK Damer heilt sidan oppstarten i 2022. Angrepsspelaren frå Leikanger debuterte som 15-åring, og 5 år etter spelte ho sin 100. kamp for klubben!

Debuten

Me skrur tida tilbake til laurdag 23. april 2022. Sogndal FK Damer serieopna på bortebane mot Høybråten og Stovner i den fyrste offisielle kampen i klubben si historie. Eit ungt og uredd Sogndallag gjekk ut med mykje energi og fekk betalt umiddelbart. Allereie etter 8 minutt spelt scora 15 år og 3 dagar gamle Andrea Sælid Njøs det fyrste målet i klubben si historie. Det enda med ein flott 5-0-siger, etter at Marte Hovland, Mia Johannessen Bakke, Anna Grindhaug og Josefine Thorsnes Lefdal også scora kvar sitt mål.

Ei veke seinare var det klart for den fyrste heimekampen. Oslolaget Frigg var motstandar, og Fosshaugadn bada i sol. Publikumsoppmøtet var fantastisk og ramma rundt kampen var rett og slett magisk. Marte Hovland sendte oss fyrst i leiinga frå straffemerket i fyrsteomgang, før Frigg utlikna til 1-1 like etter pause. Då var det igjen Andrea Sælid Njøs som skulle markere seg framføre mål. Rett framfor Saftkokaradn satte ho inn den avgjerande 2-1-scoringa og utløyste eit skikkeleg jubelbrøl på Fosshaugadn!

Les meir om kampen her!

Andrea Sælid Njøs scora vinnarmålet mot Frigg i 2022! Foto: Rune Sjøberg

Gjennom 5 år har Andrea vore ein stabil og lojal bidragsytar for klubben. Frå å debutere som 15-åring har ho tatt store steg saman med resten av laget og klubben, og i dag er ho ein del av ei stadig meir rutinert stamme i laget. I tillegg til å vere ein viktig spelar på bana, har ho også vist at ho er ein flott rollemodell og representant for klubben utanfor bana. Verdiane våre, raoe, rause og stolte, er verkeleg gjeldande for Andrea!

Dagens kamp mot Sandefjord vart altså kamp nr. 100, og sjølv om me gjerne skulle feira med siger, vart det ei fin markering allikevel. Me gratulerer så mykje med å bli den fyrste i klubben si historie til å nå denne fantastiske milepælen, og er stolte over at Andrea er ein av våre spelarar! Forhåpentlegvis blir det mange fleire kampar og mål i kvitt og svart i åra som kjem!

100 kampar i svart og kvitt!

Martin Salbu