Me skal sette ny publikumsrekord mot Sarpsborg!

I mai inviterte me til publikumsfest når me tok i mot Brann i cupen! Det vart skikkeleg morro, og heile 943 tilskodarar tok turen til Fosshaugadn den dagen! No ønskjer me å setje publikumsrekord igjen, og når Sarpsborg kjem på besøk laurdag 29. august, er målet å passere 1000 tilskodarar!

Sarpsborg 08 er topplaget i divisjonen, og har vunne 13/13 kampar så langt. Me skal revansjere tapet på bortebane, og har verkeleg lyst til å skape problem for dei på Fosshaugadn. Kvart einaste poeng blir heilt avgjerande i kampen om opprykkskvalifisering, og me går for siger! Då treng me støtta frå publikum, og me håpar å sjå dykk på tribuna laurdag 29. august kl. 13:00! Det blir mykje aktivitet og konkurransar i Fanzone før kampen, og me kan garantere god underhaldning heile dagen! Kom på kamp!

Fanzone

Det blir Fanzone utanfor stadion laurdag 29. august frå kl. 11:00. Her blir det ulike aktivitetar og konkurransar, utstillingar og mykje anna morro for heile familien. Våre trufaste partnarar bidreg med det dei kan best, og me trur dette blir ei flott oppladning til kampstart kl. 13:00! Etter kampen kan ein også skaffe seg splitter nye fotballkort og autografar! Det blir også mogleg å kjøpe mat og drikke i Fanzone før kampen eller i kioskane undervegs. Det kjem meir informasjon om Fanzone i dagane inn mot kampen!

Heiekonkurranse

Me gjentek suksessen frå førre publikumsfest, og inviterer til ny heiekonkurranse! Ta med deg fotballaget eller klassen din på kamp og bli med i trekninga av pengar til lag- eller klassekassa! Me vil sjå mange supportarar på kamp som lagar god stemning og heiar jentene fram til siger! Hovudpremien er på heile 7500,-, og me skal dele ut premiar på inntil 15.000,- totalt! Det blir også premie til den mest kreative gruppa! Heile gruppa + vaksne som følgjer gruppa kjem gratis inn på kampen! Det kjem meir info om billettar etter at ein har meldt på laget sitt!

Gruppa må vere minimum 10 personar og melde seg på via skjemaet under for å vere med i konkurransen. Kvar gruppe må ha ein vaksen kontaktperson. Alle grupper må registrere seg på stadion før kampen. Konkurransen gjeld for alle i barne- og ungdomsfotballen (t.o.m J/G14). Meir info vil bli sendt ut til vaksen kontaktperson før kamp.

Meld på ditt lag her!

Billettar

Me nyttar Ticketco som billettsystem til denne kampen. Det betyr at ein allereie no kan sikre seg billett! Det kostar 100,- for ein ordinær billett på Sognekrafttribuna, medan alle barn under 16 år kjem inn gratis. Merk at ein må hente ut billett i Ticketco, sjølv om det er gratis.

Kjøp billett her!

Har du sesongkort? Alle som har sesongkort kjem sjølvsagt inn gratis, men ein må hente ut billett i systemet. Me har sendt ut informasjon om korleis ein hentar ut billett på e-post eller sms. Ta kontakt med Martin Salbu om du ikkje har motteke denne.

martin.salbu@sogndalfk-damer.no eller 91646974

Me gler oss skikkeleg til ein flott dag på Fosshaugadn, og håpar akkurat du har lyst til å kome! Ta med dykk vennar, familie, naboen eller ein du møter på butikken! Me skal skrive historie og treng deg med på laget!

Martin Salbu