Viktig slitesiger på Ekeberg!

Det vart ingen perfekt prestasjon i dagens kamp, men jentene klarte å dra sigeren i land. Det betyr at 3 viktige poeng er med på bussen heim frå Oslo!

Det var jentene som byrja best, og i fyrste halvdel av omgangen tok ein kontroll på kampen. Ein fekk trille ball, og mykje av spelet var på heimelaget sin halvdel. Det førte også til nokre brukbare moglegheiter, utan at ein fekk ballen i mål. Utover omgangen jamna det seg meir ut, og det gjekk lenger og lenger mellom sjansane våre. Samtidig fekk KFUM nokre halvsjansar som fort kunne blitt farlege.

Mot slutten av omgangen fekk ein igjen etablert litt meir trøkk, og på corner kom det viktige leiarmålet. Corneren frå Anna Palm vart fyrst heada rett til værs, men i duell nummer to var Eli Sofie Skjølberg suveren! Frå 5 meter hoppa ho høgst og stanga inn 0-1 like før pause.

Rett etter pause kom derimot utlikninga frå heimelaget, og jentene måtte jage igjen. Heldigvis hadde med ein målfarleg duo på topp i Nathalie Høgi og Andrea Sælid Njøs. Etter 53 minutt vann Vilde Tufte Mardal ballen høgt i bana. Ho spelte fint igjenom mot Høgi som drog seg inn i feltet. I staden for å banke til var ho lur og la perfekt inn mot Njøs. Åleine på blank kasse var ho sikker og satte det avgjerande 1-2-målet!

Vikarkeeper

Då keeper Tuva Kjøs vart utvist, stod med utan keeperalternativ inn mot dagens kamp. Gjennom veka har me jobba med ulike alternativ, og så seint som i går kveld gjekk det endeleg i orden. Tidlegare toppkeeper Lill Yvonne Karlsrud steppa inn og vikarierte som mellom stengene. Ho har over 180 kampar på det øvste nivået, og vart cupmeister med LSK Kvinner tilbake i 2016. Med den same klubben har ho også spelt i Champions League, der dei blant anna slo PSG i 16-delsfinalen i 2016.

I dagens kamp leverte ho ein god prestasjon, og sjølv om det var lenge sidan førre kamp, viste ho stor tryggleik i avgjerande situasjonar. Ho leverte også ein kampavgjerande redning i andreomgang. Tusen takk for bidraget!

Vikarkeeper Lill Yvonne Karlsrud leverte mellom stengene. Foto: Martin Salbu

Hovudtrenar Magne Elde etter kampen:

Det er herleg å vinne fotballkampar, og ekstra kjekt er det med fantastiske supportarar på tribuna! I dag var det nesten fleire bortesupportarar enn heimesupportarar, og støtta frå publikum er med å gi den ekstra energien til å dra sigeren i land! Tusen takk for støtta! No snur me fokuset mot heimekampen mot Sarpsborg 08 på laurdag. Då skal me prøve å sette ny publikumsrekord, og me håpar å sjå dykk på tribuna!

Les meir om Sogndal - Sarpsborg 08 her!

God støtte på bortebane! Foto: Martin Salbu

Martin Salbu