3 poeng på Campus mot serieleiaren

Sogndal FK Damer-Frigg 2-1 (0-0)

2.div kvinner

Fosshaugane Campus

27.09 klokka 13:00

 

Målscorarar:

1-0 Andrea Njøs (52.) 

1-1 Karianne Selseth (58.)

2-1 Julie S. Pettersen (70.)

 

Laget: Maia Øen, Ine Dale(82.), Mia Eriksen, Oselie Henden, Ella Hestetun, Eli Sofie Skjølberg, Mari Heggestad, Stine Fimreite(65.), Andrea Njøs, Vilde Mardal, Julie S. Pettersen(88.)

 

Innbyttarar: Natalie Teigen, Vårin Ness(82.) Kaja Skrede, Ingeborg Osland, Stine Isaksen(88.), Alida Kilen(65.)

 

Dommarar: Rene Nordvik Skippervik (HD), Hasan Khaled Qabalan (AD1), Balder Olai Birknes (AD2)

 

I haustsola på Campus fekk dei vel 350 frammøtte tilskodarane servert ein innhaldsrik kamp. Kampen var ramma inn med Jentefotballhelg her i Sogndal- eit arrangement som samla over 100 trenarar, leiarar og spelarar til 2 dagar med fagleg innhald og inspirasjon.

Det vart ein relativt jamn 1.omgang utan dei heilt store målsjansane. 2.omgang opna seg meir opp og det vart produsert både store sjansar, mål og raudt kort. Andrea Njøs sette det første målet på ei framifrå kontring. Frigg gira kraftig opp etter målet og viste prov på kvifor dei i inngangen til kampen var serieleiarar. Dei produserte ein store sjansar og scora etterkvart på ein dødball ved Karianne Selseth. I det 68. minutt vart same spelar utvist og på det påfølgande frisparket scora Julie S. Pettersen. 2-1 stod seg ut kampen og dei 3 poenga vart verande på Fosshaugane Campus.

 

Hovudtrenar Martin Natvig er nøgd med innstillinga til spelarane og er imponert over innsatsen i ein kamp der ein møter eit vaksent og robust lag. Det er også fint å sjå at vi kan bruke ball på ein konstruktiv måte i denne type kampar, spesielt i 1.omgang. 2.omgang blir hektisk og vi står imot på ein god måte. I dag er vi alle stolte over prestasjon og resultat. No ventar ei ny treningsveke, der vi skal ta nye steg inn mot ein ny tøff kamp mot Sandefjord på Fosshaugane søndag 05.10 klokka 13:00.

Me takkar publikum, dommarar og motstandar for kampen!

Sebastian Kaldestad