Ny gjennomføring av Jentefotballhelg vart ein suksess!
Jentefotballhelg i Sogndal for fjerde året på rad
Styreleiar Tone Bakke kunne på ny ønskje velkommen til Jentefotballhelg i Sogndal. Trenarar, leiarar, fotballforeldre og spelarar fekk alle med seg ei innhaldsrik helg.
Dei 150 påmelde deltakarane fekk servert både foredrag, intervju med landslagsspelarar, praktisk sekvensar, 2. divisjons kamp mellom Sogndal FK Damer og Frigg og ikkje minst 3 akademikampar for J13/14.
Laurdagen fekk dei frammøtte servert gode refleksjonar rundt eiga utvikling frå ei rekke landslagsspelarar. Dette i samband med føredrag av Terje Skjeldestad. Før på dagen hadde Tommy Øren, spelarutviklar i krets snakka om kven frå kretsen som per no er i toppfotballen og kva som kjenneteikner desse spelarane. Viktigheita av det å ha det kjekt med det ein driv med, samstundes som ein trenar systematisk med kvalitet over tid og greier å vere tolmodig er noko av nøkkelen i det som vart lagt fram. Tolmodigheit i utviklingsløpet vart forsterka i sekvensen med Sogndal FK Damer, der Sebastian Kaldestad og Martin Natvig i tillegg fekk fortelje litt om status i klubb og inngang til kamp.
Me takkar også Saftkokardn som var innom å fortalde om samarbeidet med Sogndal FK Damer før kampen mot Frigg!
I paneldebatten seinare på dagen, leia av dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane, Jarle Christensen, fekk deltakarane nyttig innsikt i klubbkvardagen av representantar frå Vik, Stryn, Høyang, Eid og Sogndal og dei ulike problemstillingar ein står i i kvardagen.
På avslutningsdagen fekk Elise Thorsnes æra av å avslutte seminaret på Teams, då i samtale med dyktige Heidi Holmlund. Dette berre nokre timar før Elise scora mål i semifinalen i NM mot Brann og sikra finalebillett for Vålerenga. Heidi som er ernæringsfysiolog serverte avslutningsvis eit viktig og inspirerande foredrag rundt ernæring og restitusjon i eit utviklingsløp.



















Opplegg for vel 60 jente 13/14 spelarar frå heile fotballkretsen
Omlag 60 spelarar i alderen 13-14 år var også med på mykje av programmmet denne helga. Laurdagen fekk dei gjennomført ei teoretisk og praktisk økt leia av fysioterapeutane Birte Barsnes og Marte J. Nord.
I tillegg fekk dei bryna seg i kamp mot kvarandre. SognenettAkademiet leia av Marianne Mellesdal, SunnfjordAkademiet med hovudtrenar Bjørn Totland og Nordfjord med Henning Haugen som trenar spelte mot kvarandre både laurdag og søndag.
2.divisjonskamp mot topplaget Frigg
Jentefotballhelga har kvart år vore bygd rundt ein heimekamp i 2.divisjon. Deltakarane fekk servert ein spanande kamp også denne gong. I ein kamp som inneheld det meste, vart det til slutt 2-1 siger til Sogndal FK Damer over topplaget Frigg. Før kampen fekk Sogndal FK spelar Vilde Tufte Mardal tildelt stipend frå Katrin Lerums Minnefond. Du kan lese meir om dette på vår facebook side eller i Sogn Avis
Me takkar alle samarbeidspartnarar, deltakarar, føredragshaldarar og supporterar for ei framifrå helg! Me vonar det gjennom godt samarbeid og engasjement også er mogleg å gjennomføre Jentefotballhelg for 5.året på rad til neste år. Jentene opp og fram!