Uavgjort i Rosa Sløyfe kampen i flomlyset på Fosshaugane

Sogndal FK Damer 1-1 Stabæk 2

 

2.div kvinner

Fosshaugane Campus

27.09 klokka 13:00

 

Målscorarar:

 1-0 Andrea Njøs (43.)

1-1 Marie Atangana

 

Laget: Maia Øen, Ine Dale, Mia Eriksen(69.), Oselie Henden, Ella Hestetun, Marte Aaberge, Eli Sofie Skjølberg, Mari Heggestad, Stine Fimreite(46.), Andrea Njøs, Julie S. Pettersen

 

Innbyttarar: Natalie Teigen, Alida Kilen (69.), Kaja Skrede, Ingeborg Osland, Stine Isaksen (46.), Mia Bakke (69.)

 

Dommarar: Frank Heggestad(HD), Jarl Ivar H. Mjånes(AD), Adel Muranovic-Kahrimanovic(AD)

 

I flomlyset på Fosshaugane fekk dei over 350 tilskodarane servert ein kamp som bølga fram og tilbake i første halvdel. Andrea Njøs var involvert i nokre store sjansar i 1.omgang før ho fekk løn for strevet og scora etter ein overgang i 43. minutt. Ein god Stabæk keeper hindra Julie S.Pettersen til å auke til 2-0 på eit frispark i det 47.minutt. Stabæk var det einaste laget som scora i 2.omgangen og då enda kampen 1-1. 

Vi er dessverre litt for unøyaktige til å straffe Stabæk endå meir i dag. Vi har mykje ball men er ikkje skarpe nok på siste tredel. Kanskje eit rettferdig resultat ut frå prestasjonar og sjansar.No skal vi førebu oss så godt vi kan inn mot heimekamp allereie på laurdag seir hovudtrenar Martin Natvig

 

Sjølv om det var kveldskamp ein mandag i oktober var det godt oppmøte på Campus. Fleire lokale jentelag hadde teke turen og det set me veldig pris på. I tillegg vart det arrangert sponsortreff i forkant av kampen.


Kampen mot brystkreft

Kari J. Bakke og Monica Tufte

Monica Tufte frå Rosa Sløyfe Sogn var tilstades på kampen og hadde stand i samband med Rosa Sløyfe-aksjonen.

Kvart år rammast over 4000 kvinner av brystkreft og me har mange nokon me kjenner som har vore råka.

Me takkar difor alle frammøtte på kamp i går som var med å bidrog til inntekter til Rosa Sløyfe-aksjonen. Alle kampinntekter på billettar, lotteri og kiosk går til brystkreftforeningen og Rosa Sløyfe Sogn.  

Sebastian Kaldestad